TRAINEE I SFE

SFE <picture/>

Å vere trainee kan vere ein perfekt start på karriera. I meir enn 10 år har SFE samarbeidd med traineeprogrammet til Framtidsfylket Trainee - eit av dei beste og mest omfattande traineeprogramma i Noreg.

Som trainee er du tilsett i éi av dei rundt 25 traineeverksemdene i Sogn og Fjordane, du blir fulgt opp av ein mentor i verksemda, og du deltek på fire faglege fellessamlingar med andre traineear i fylket. Traineeprogrammet inkluderer også ein studietur til utlandet.

Kva stillingar som blir lyst ut gjennom traineeprogrammet varierer frå bedrift til bedrift, og frå år til år. Stillingane blir vanlegvis lyst ut etter nyttår, med oppstart i august same året. 

Les meir om traineeprogrammet på www.framtidsfylket.no