Sommarjobb

SFE <picture/>

Sommarjobb

Ein sommarjobb hos oss er ein fin måte å  bli kjend med SFE – og vi kan bli kjend med deg. Det kan vere starten på ei framtidig karriere innan ein framtidsretta bransje, der fornybar energi er ei viktig brikke i dei store klimautfordringane.

Om du er i gang med yrkesfagleg utdanning innan elektrofag kan sommarjobb som driftsmedarbeidar vere ein fin start. Dette går i hovudsak ut på å utføre enklare vedlikehaldsoppgåver ved ein av våre basar.

For deg som er i gang med ein bachelor- eller masterutdanning innan relevante fagområder, kan sommarjobben til dømes vere å utføre og dokumentere jordplatemålingar , det kan vere å jobbe med innsamling, strukturering og rydding av data knytt til avanserte målarsystem, eller det kan vere å  jobbe med teknisk dokumentasjon av våre kraftverk.

Sjå våre ledige stillingar her.

Registrer deg
Les meir