Vil du vere lærling i SFE?

SFE <picture/>

Er du på utkikk etter læreplass? SFE er godkjend lærebedrift m.a. innan energimontør- og energioperatørfaget. Kvart år tilset vi nye lærlingar ved våre montørbasar eller kraftverk.

Energimontør
Energimontøren jobbar med feilretting, vedlikehald og nybygg av straumnett. Likar du å jobbe ute, er praktisk anlagt og ønskjer varierte arbeidsoppgåver? Då er lærling som energimontør i Linja noko for deg. 

Energioperatør
Energioperatøren jobbar med å overvåke, drifte og vedlikehalde vasskraftproduksjon. Er du praktisk anlagt, løysingsorientert og vil jobbe i dyktige team? Då kan ei læretid som energioperatør i SFE Produksjon vere noko for deg. 

Som lærling får du god oppfølging og rettleiing i tråd med opplæringsplanar for det enkelte fag. Vi er stolte av at vi har eit godt arbeidsmiljø, eit lågt sjukefråvær og vårt høge fokus på HMS.

Registrer deg
Les meir