JOBB I SFE ELLER LINJA?

01.07.2022
Søk jobb i SFE

For å nå klimamåla treng verda meir fornybar energi. Å utvikle vass- og vindkraft, og å elektrifisere samfunnet rundt oss er vårt bidrag for at vi saman skal nå klimamåla – og no treng vi deg med på laget!

I SFE-konsernet finst det ulike moglegheiter for deg som ønskjer å vere med på denne viktige reisa. Har du dei rette kvalifikasjonane, kan vi by på ei framtidsretta og meiningsfull karriere.

SFE er eit av dei største energiselskapa på Vestlandet og har i dag 100 engasjerte og høgt kvalifiserte medarbeidarar innan eit mangfald av fagområde. Om lag ein tredjedel av våre medarbeidarar er ingeniørar med høgare teknisk utdanning, og like mange er fagarbeidarar som jobbar ute på drift og nybygging av tekniske anlegg. Andre medarbeidarar finn du i spennande stillingar innan IKT og digitalisering, krafthandel, økonomi/finans og HR med meir.

Hovudkontoret til SFE er lokalisert på Sandane. I tillegg har vi kraftstasjonar og kontor fleire plassar i regionen vår som omfattar kommunane Stad, Bremanger, Kinn, Gloppen, Askvoll og Sogndal.