EIN AV DESSE VERT TIDENES FØRSTE VINNAR

SFE <picture/>

37 kandidatar har blitt til tre. Evoy, Corvus Energy og Bergen Carbon Solutions kjempar om å bli tidenes første vinnar av DRIV-prisen, ein heilt ny innovasjonspris i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Vi har hatt gode drøftingar, og det har vore mange spennande kandidatar. Det viser at Vestland er ei viktig drivkraft inn i det grøne skiftet. Vi er veldig godt fornøgd med dei tre vinnarkandidatane vi står att med. Det seier Johannes Rauboti, konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, og ein av fem jurymedlemmer i DRIV-prisen.

Dette er DRIV-prisen
DRIV-prisen (drivprisen.no) er ein heilt ny grøn innovasjonspris i Sogn og Fjordane og Hordaland, og er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane Fylkeskommune. I juryen sit Johannes Rauboti (konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi), Trond Teigene (administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane), Berit Rokne (rektor på Høgskulen på Vestlandet), Bård Sandal (fylkesdirektør innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke) og Nina Broch Mathisen (direktør for Innovasjon Norge Vestland).

Det er desse som bestemmer kven som vert tidenes første vinnar av DRIV-prisen, som vert kåra under Kraft i Vest-konferansen på Sandane 26. september. Det vert enten Evoy, Corvus Energy eller Bergen Carbon Solution som vil få førstepremien på 200 000 kroner. Andreplassen får 50 000 kroner, medan tredjeplassen får 30 000 kroner.

Evoy
Evoy held til i Florø, og jobbar med elektrifisering av hurtige proff- og fritidsbåtar. Firmaet vart stifta for under to år sidan, men dei har allereie sjøsett sin første prototype, Evoy1, og fått gode tilbakemeldingar på denne. Evoy1, snart verdas raskaste elbåt, vart døypt av statsminister Erna Solberg i august.

– Evoy er heilt i front på utvikling av smarte framdriftsløysingar for mindre båtar. Med Evoy sine løysingar vil både forureina utslepp og støy bli betydelig redusert, seier Nina Broch Mathisen, direktør for innovasjon Norge Vestland, på vegne av juryen.

– Det er utruleg kjekt at det er andre som ser potensialet i det vi held på med, seier Leif Stavøstrand, dagleg leiar i Evoy, om nominasjonen.Evoy-sjefen held fram med at dei har store mål for framtida:

– Dette gir motivasjon, og gjer arbeidet lettare. Vi har ein visjon om ein global reduksjon av klimagassar. Det gjennom å skape lokale, regionale og nasjonale arbeidsplassar. Eg meiner vi har eit kjempepotensial til å klare det, seier Stavøstrand.

Corvus Energy
Corvus Energy held til i Bergen, og dette selskapet er ein pioner innan maritime batteripakkar og energilagringssystem. Desse skal både redusere kostnader og få ned utslepp.

– Corvus har utvikla ein batteriteknologi som er verdsleiande. Dei skal no levere verdas største batteripakke til verdas største cruiseselskap, AIDA. Vi har behov for batteripakkar til store skip, for det er der forureininga er størst, seier Broch Mathisen i juryen.

– Det er ei stor anerkjenning for Corvus Energy å bli nominert til ein så høgthengande pris og stor stas at arbeidet vi gjer for miljøet også blir lagt merke til lokalt. Det har vore mange år med hardt arbeid før vi kunne sjå resultat, men no begynner store delar av verda å opne auga for korleis batteri kan inn i ulike løysingar for å redusere utslepp frå skipsfarten, held han fram.

Det seier Geir Bjørkeli, administrerande direktør i Corvus Energy.

– Sentrum for utviklinga globalt ligg her på Vestlandet takka vere norske myndigheiter og tett samarbeid mellom forskjellige reiarlag, leverandørar, integratorar og ulike cluster og forskingsinstitusjonar. Det den maritime næringa har fått til her viser at det fins store moglegheiter for Norge i kryssinga mellom innovasjon og grøn teknologi, og at det grøne skiftet kan gi mange nye teknologiarbeidsplassar og auka konkurransekraft om vi gjer ting riktig, seier Bjørkeli.Bergen Carbon SolutionsDet som starta som ei bacheloroppgåve ved Høgskolen i Bergen vart seinare til Bergen Carbon Solutions. Dette selskapet brukar banebrytande teknologi for å produsere karbon-nanofiber direkte frå klimagassen CO2. Materialet kan mellom anna brukast til lettare og sterkare båtar, fly og bilar, og til å gjere batteria for transportmidlane mykje kraftigare.

– Dei reduserer klimautslepp samstundes som dei utviklar eit sterkt materiale vi har bruk for i mange produkt. Dette har verkeleg blitt lagt merke til internasjonalt, og marknadspotensialet er enormt, seier Broch Mathisen i juryen. To av dei som utvikla den nemnde bacheloroppgåva, Jan B. Sagmo og Finn Blydt-Svendsen, var det som starta Bergen Carbon Solutions i 2016.

– Vi set stor pris på dette, og det viser at vi gjer noko riktig. Vårt mål er å lage ny grøn industri til Vestland, seier dagleg leiar Jan B. Sagmo, om nominasjonen.

– CO2 er noko ingen vil ha, men som vi har mykje av. Måten vi gjer det på er at vi skil karbon frå CO2-molekyl og dannar karbon-nanofiber og O2-gass. Vi er per i dag dei einaste i verda som gjer dette, og med tanke på metodane det er laga på så framstår det miljøvenleg, forklarer Sagmo.

Ekstra spennande første året
Vinnaren av DRIV-prisen vert altså kåra 26. september, og Johannes Rauboti legg ikkje skjul på at det er noko ekstra spesielt med det første året.

– Eg gler meg veldig til kåringa og tenkjer den er ekstra spennande første året. Å vere den første vinnaren av ein slik pris vil alltid ha ein spesiell posisjon, meiner Rauboti.– Det vil bli ei høgtideleg kåring på næringskonferansen Kraft i Vest 26. september i Gloppen, lovar SFE-konsernsjefen.

 

FAKTABOKS
• Ein heilt ny innovasjonspris i Hordaland og Sogn og Fjordane (Vestland frå 2020) som vert delt ut for første gong i år
.• Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge og Fylkeskommunen Sogn og Fjordane står saman om prisen.
• Juryen: Johannes Rauboti (konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi), og med seg har han Trond Teigene (administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane), Berit Rokne (rektor på Høgskulen på Vestlandet), Bård Sandal (fylkesdirektør innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke) og Nina Broch Mathisen (direktør for Innovasjon Norge Vestland).
• Målet å løfte fram innovative idear med eit ekstra stort potensial til å setje fart på det "grøne skiftet".
• Bidraget kan både vere eit gründerprosjekt eller ein ny patent, eller ein forretningsidé frå etablerte verksemder eller organisasjonar. Bidraget må ha forretningsadresse i nye Vestland fylke, og vinnarbidraget må også ha eit stort potensial for verdiskaping og arbeidsplassar her.• Vert delt ut på Kraft i Vest-konferansen på Sandane 26. september.

Kandidatane sine nettsider:

Evoy
Corvus Energy
Bergen Carbon Solutions