Denne veka samla energi- og næringskonferansen Kraft i Vest rundt 250 deltakarar i Trivselshagen på Sandane. På konferansen vart også DRIV-prisen delt ut. Prisen heidrar grøne innovasjonar i Vestland fylke, med mål om å løfte fram gründerar, idear og teknologi som er med på setje fart på det grøne skiftet.
Årets vinnar vart Wergeland Gruppa frå Sløvåg i Gulen. Dette er eit selskap som gjennom åra har retta seg mot olje- og gassnæringa, men som no satsar for fullt som leverandør til fornybarnæringa. Som havn og tenesteytar er dei i ferd med å bli ein viktig leverandør til ei veksande satsing på offshore vind – ei satsing som krev betydeleg omstilling av både tenestemodell, verdikjedar og industriområde.
– Veldig kjekt å få denne prisen for arbeidet med å vidareutvikle oss til ei ny framtidsnæring. Det har vore ei stor satsing for oss, men det er ekstremt motiverande å bidra til ny verdiskaping og mange nye arbeidsplassar i lokalområdet og regionen. Vi ser på det som ein stor honnør til alle tilsette som kvar dag jobbar for å vidareutvikle konsernet, seier konsernleiar Margunn Bjørnestad.
På 2. og 3. plassane kom høvesvis Keelspot og Bù Composite. Keelspot har utvikla ei digital løysing som skal gjere det enklare å utnytte fraktkapasiteten innan sjøtransport. Bù Composite har utvikla takstein i fullt resirkulerbart materiale.
Prisen vart delt ut av kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
– DRIV-prisen er eit viktig klapp på skuldra til aktørar som vågar å tenke nytt, og som viser stort pågangsmot gjennom å utvikle nye berekraftige og klimavenlege løysingar. Det var tre svært gode kandidatar som kjempa på oppløpet, og eg gratulerer Wergeland Gruppa med førsteplassen, seier Sande.
DRIV-prisen vart i år delt ut for 6. gong. I fjor var det Renasys som tok førsteplassen i prisutdelinga. Prisen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge og Vestland fylkeskommune. Det er desse som også er partnarar bak Kraft i Vest-konferansen.
Juryen for Drivprisen er:
- Knut Arild Flatjord, konserndirektør produksjon i Sogn og Fjordane Energi
- Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane
- Geir Kåre Resaland, prorektor for regional utvikling ved Høgskulen på Vestland
- Bård Sandal, avdelingsdirektør næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune
- Rune Henjesand, kunderådgjevar i Innovasjon Norge Vestland
For meir informasjon, kontakt
Jannicke Lindvik, kommunikasjonssjef i SFE, på tlf 905 73077