Når gode energiar går i lag

SFE <picture/>

22.06.2021, PRESSEMELDING FRÅ WATTN AS

Selskapa som driv med rådgiving og sal av straum i energikonserna TAFJORD, Sogn og Fjordane Energi (SFE), Tussa og Sognekraft slo seg saman ved nyttår. I dag kan vi fortelje at namnet på det nye og spennande straumselskapet er Wattn.

Samla har dei fire straumselskapa med seg om lag 100.000 kundar inn i det nye selskapet. Wattn skal ha eit tydeleg lokalt fotfeste, men har ambisjonar om å vekse ytterlegare både lokalt og nasjonalt. Med nye, enkle og framtidsretta løysingar skal selskapet freiste både eksisterande og nye kundar.

- For Wattn er det å bli stor ikkje noko mål i seg sjølv, men det er viktig å bli stor nok til å kunne gjere ting betre. Saman kan vi tilby både bedrifts- og privatkundar fleire og betre produkt og tenester med fokus på smart teknologi og berekraft, seier administrerande direktør Øystein Vikingsen Fauske i Wattn.

Større meirverdi for kundane
Det skal vere enkelt å vere straumkunde hos Wattn, og dei som ønskjer det skal få meir ut av kundeforholdet sitt enn dei gjer i dag.

- Vi slår oss saman for å bli endå betre - for å kunne vere ein konkurransedyktig aktør med framtidsretta produkt og tenester for kundane våre. Ein ny kundeapp og ein større bedriftsportal-løysing er under utvikling. Desse smarte løysingane vil gi endå betre innsikt og kontroll over kostnader og forbruk. Vi ønskjer også å spele på lag og kjem til å ta kundane med på råd for å utvikle dei beste og mest kundetilpassa løysingane på marknaden, seier Fauske.

Alle dei tilsette er med
Alle som jobbar i dei fire straumselskapa er med vidare, og kontora i Ålesund, Sandane, Førde, Florø, Ørsta og Vik i Sogn vert oppretthalde.

- Dei tilsette sit med stor kunnskap om kundane, marknaden, nærområdet og brenn for god kundeservice. Dette gir oss ei enorm fagleg tyngde, og eg er sikker på at kundane våre blir godt ivaretatt, seier Fauske.

Hovudlansering til hausten
Wattn skal endeleg lanserast til hausten, og lovar å halde kundane godt informert.

Om Wattn

  • Wattn har 50 tilsette fordelt på kontor i Ålesund, Sandane, Førde, Florø, Ørsta og Vik i Sogn.
  • Wattn er eigd av TAFJORD (38,07 %), Sogn og Fjordane Energi (27,50 %), Tussa (19,03 %) og Sognekraft (15,40 %).
  • Det er selskapa som driv med rådgjeving og sal av straum i dei fire konserna som no slår seg saman. Dei resterande selskapa i dei fire konserna er ikkje omfatta av samarbeidet og vil halde fram som før.



Gå til wattn.no