Ordførar Leidulf Gloppestad ønskjer at Sogn og Fjordane Energi (SFE) skal sjå på Gjengedalsprosjektet på ny. No tek SFE prosjektet opp av skuffa.
- Det er for tidleg å seie om vi skal setje i gang med prosjektet for fullt og jobbe mot ein ny konsesjon, men vi registrerer eit breitt engasjement frå både Gloppen kommune og grunneigarar. Som det lokale kraftselskapet er det vårt samfunnsoppdrag å gripe fatt i moglegheiter som byr seg i regionen vår, seier Knut Arild Flatjord som er produksjonsdirektør i SFE.
I første omgang vil arbeidet dreie seg om å sjå på miljømessige forbetringar, gjere nye undersøkingar og rekne på lønsemda i prosjektet.
Ei utbygging vil kunne gje ein årleg produksjon på om lag 140 GWh, noko som tilsvarer forbruket til meir enn 7.000 husstandar, og vil vere i god tråd med regjeringa sine ambisjonar om ny fornybar energi. SFE søkte om konsesjon om Gjengedal kraftverk tilbake i 2017. NVE tilrådde utbygginga, det same gjorde Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune, men departementet sa i 2018 nei til prosjektet.
- Vi er heldige som både har rike kraftressursar i kommunen, og eit kompetent fagmiljø i SFE som kan forvalte desse på ein veldig god måte. Gjengedalen er eit veldig spennande prosjekt, med potensial for å gi mykje ny fornybar energi, i tillegg til verdiskaping til kommunen, lokalsamfunnet og lokalt næringsliv, seier Leidulf Gloppestad.