Seinhaust og vinter er ein periode med mykje vind og vêr her på Vestlandet. Inn i mellom kan dette også råke straumnettet.
I eit uvêr er det svært viktig å hugse på følgjande:
- Ein må aldri gå bort til leidningar som har falle ned. Her må ein halde god avstand!
- Ein må aldri ta på tre og andre gjenstandar som ligg over leidningar. Det er viktig å halde seg på god avstand.
- Det kan vere livsfarleg å vere i kontakt med leidningar og tre/gjenstandar som er i kontakt med leidningar.
- Nettselskapet må varslast dersom ein kjem over slike tilfelle.