Utrygg is på regulerte vatn

SFE <picture/>

Vêret skiftar fort frå kulde til mildvêr. Skal du på ski, skøyter eller fottur, må du mellom anna passe deg for islagde elver og vatn, og særleg dei som er regulert til kraftproduksjon. På desse vatna kan isen vere betydeleg svekka  i områder med rennande vatn, nær kraftverksinntak. Skråståande isflak utgjer og ei fare. Ved dei fleste regulerte vatn er det sett på fareskilt som varslar om utrygg is og på iskart.no og varsom.no/isvarsling kan du få sjå det nærare. Sjølv om du ikkje finn «faremeldingar» for akkurat det vatnet du tenkjer deg på tur til, er det likevel stor grunn til å vere varsam. Kvar og ein må sjølv vurdere tilstanden og sin eigen tryggleik.