Trygg ferdsel i naturen

01.04.2020
Langevatnet Myklebustdalen

Vi står ovanfor ei annleis påske med omsyn til Covid-19 pandemien. Vi reiser ikkje på hytta eller på påskeferie. Hovudredningssentralen oppmoda folk til å være ekstra forsiktige, og å utsetje langturar som kan utløyse redningsaksjonar. Den norske beredskapen er i desse dagar satt på prøve, vi må alle delta på den nasjonale dugnaden.

Bruk lokal natur

Men om det ikkje er smittefare er det godt for kropp og sinn å kome seg ut i den flotte vestlandsnaturen. Skal du på skitur i fjellet, så må du mellom anna passe deg for islagde vatn som blir regulert i samband med kraftproduksjon. På slike vatn kan isen vere svakare enn på andre vatn.

Vær varsam

I område med vasskraftproduksjon kan det vere fleire potensielle faremoment for folk som ferdast i naturen. Spesielt kan ferdsle på islagte regulerte vatn vere ein risiko då nedtapping av magasina om vinteren påverkar vasstand, straumforhold og temperatur. Dette gjer at isen stadvis vert svakare enn den ville vore i naturleg tilstand.

Vi har hatt ein mild vinter i år, og det er truleg lite eller ingen is på dei lavare liggande vassmagasina. Men ein god del snø i fjellet kan gjere det vanskeleg å vurdere korleis isen er under. All ferdsel er på eige ansvar og kvar og ein må sjølv vurdere tilstanden og sin eigen tryggleik.

Vi oppmodar om å vere ekstra varsam med ferdsle nær breidda og direkte på islagte vassmagasin og regulerte elvestrekningar på vinterstid. Ver spesielt merksam på opningar mellom skråliggande isflak i strandsoner og ope vatn ved tunnelinntak, sund og elveos.

Ved alle regulerte vatn er det sett opp skilt som informerer om at det er fare for utrygg is. Sjølv om du ikkje finn «faremeldingar» for akkurat det vatnet du tenkjer deg på tur til, er det likevel grunn til å vere varsam.

NVE har oppdatert informasjon over istilhøva på innsjøar i heile landet. Her finn du ismelding for Vestland 

God tur, hold avstand, ver varsam og ta vare på kvarandre! Ha ei trygg og god påske!

Foto: Langevatnet i Myklebustdalen, Bremanger var bare delvis islagt i slutten av mars. Ragna Flatla Haugland.