Pressemelding sendt ut av SF Holding 11.11.24.
Representantar frå Sogn og Fjordane Energi (SFE), Eviny og Sogn og Fjordane Holding (SF Holding)* har no avslutta utgreiingsarbeidet om konsekvensar av ulike modellar for framtidig eigarskap i SFE. No skal styret i SF Holding og Eviny basert på dette kunnskapsgrunnlaget gi råd til sine eigarar om ein skal arbeide vidare med ei full fusjonsutgreiing.
Dei to største eigarane i SFE er SF Holding og Eviny. I juni i år inngjekk dei ein intensjonsavtale om å greie ut tre ulike alternativ for framtidig eigarstruktur i SFE. 1. Full samanslåing (fusjon), 2. Vidare eigarskap som i dag der SFE driv som sjølvstendig eining og 3. Modell og løysing der Eviny gir slepp på eigarskapen i SFE.
Fleire arbeidsgrupper med representantar frå alle selskapa har jobba godt for å gi eigarane eit best mogleg grunnlag for å ta ei beslutning om vegen vidare. Konsulentselskapa EY og KPMG har hatt ansvaret for å gjennomføre prosessen og utarbeide kvar sine rapportar, samt at SFE har utarbeida sin eigen rapport om å halde fram som før for å gi eit best mogeleg beslutningsgrunnlag.
Arve Helle, styreleiar i SF Holding, seier rapportane gir eit godt grunnlag for styret i SF Holding til å gje si innstilling til eigarane.
«Oppgåva til styret i SF Holding er å ta vare på aksjonærfellesskapet sine interesser. No har vi fått eit godt beslutningsgrunnlag, for å vurdere alternativa opp mot det som er SF Holding sine mål med eigarskapen i SFE. På bakgrunn av det vil styret i SF Holding gje sitt råd til eigarane og dele det med dei den 19. november 2024», seier Arve Helle.
Eigarane i SF Holding gjev si innstilling i generalforsamling den 16. desember. Simpelt fleirtal vil avgjere om SF Holding skal gå vidare med ei full fusjonsutgreiing. Deretter vil saka handsamast på SFE si generalforsamling den 19. desember 2024.
Kontaktperson: Styreleiar i SF Holding, Arve Helle Arve.Helle@vlfk.no, tlf 917 37 562
*Sogn og Fjordane Holding er største eigar i SFE med 49,5 prosent av aksjane, og er i dag eigd av Vestland fylkeskommune og kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Eviny eig 36,8 prosent av SFE. I tillegg har kommunane Kinn, Gloppen, Bremanger, Stad, Askvoll og Sunnfjord direkte eigarskap i SFE.