Mørenett og Linja utgreier samanslåing

16.12.2021
SFE <picture/>

Det er gjort avtale om utgreiing av ei eventuell samanslåing av nettselskapa Mørenett og Linja. Utgreiinga skal gjennomførast i løpet av første halvår 2022.

Samfunnet står føre omfattande endringar for å redusere klimautslepp. Elektrifisering er ein viktig del av løysinga for å kunne legge til rette for det grøne skiftet, og her vil straumnettet vere nøkkelen.

- Samfunnet vert meir og meir avhengig av eit velfungerande straumnett med rett kvalitet til rett kostnad og med større kapasitet. Dette vil medføre omfattande investeringar i straumnettet i åra framover. Dette vil også auke krava til kompetanse, effektiv drift og økonomisk løfteevne. Dette løyser vi best gjennom å samle ressursar og kompetanse, seier Rune Kiperberg, adm. dir i Mørenett.

 

Lokale arbeidsplassar
For dei tilsette i nettselskapa vil ei samling av fagmiljøa sikre regionale og lokale kompetanse[1]arbeidsplassar i eit lengre tidsperspektiv.

- Eit felles selskap vil få større kapasitet til å møte dei store utfordringane som bransjen ser dei komande åra. I tillegg vil eit felles nettselskap skape auka rekrutteringskraft, noko som vil vere naudsynt for å skaffe tilstrekkeleg og riktig kompetanse i åra framover seier Asgeir Aase, adm. dir i Linja AS.

Sterkare saman
Aase meiner at eit felles nettselskap vil gi betre kvalitet på leverte tenester til ein lågare kostnad.

- Rett beredskap og leveringstryggleik er avgjerande viktig i ei elektrisk framtid. Dette sikrar vi best ved å samle fagmiljø. Samla vil vi også ha ei sterkare løfteevne til å gjennomføre nettutvikling utan for store økonomiske konsekvensar for kundar, næringsliv og heile regionen.

Mellom dei største i Noreg
Det nye selskapet vil bli mellom dei største nettselskapa i Noreg.

- Samla vil vi stå sterkare med tanke på roller innan elektrifisering. Vi vil også vere ein attraktiv samarbeidspartnar for nærings- og samfunnsinteressentar i regionen, seier Kiperberg.

Mogleg klart til hausten
Selskapa skal jobbe med utgreiinga av ei eventuell samanslåing i løpet av første halvår 2022. Arbeidet handlar i første rekke om å utgreie kva som skal til for å førebu og etablere eit stort nettselskap på Nordvestlandet, med eventuell gjennomføring andre halvår 2022.

 

For meir informasjon  
Asgeir Aase, Adm. Dir Linja AS, asgeir.aase@linja.no, tlf 950 41 660
Rune Kiperberg, Adm. Dir Mørenett AS, rune.kiperberg@morenett.no, tlf 911 85 786