TRAINEE I SFE

SFE <picture/>

Å vere trainee er ein perfekt start på karriera. SFE har vore traineebedrift heilt sidan 2004, og vi er partnar i Framtidsfylket Trainee - eit av dei beste og mest omfattande traineeprogramma i Noreg.

I SFE arbeider vi kvar dag med å skape ei fornybar framtid. Skal vi lukkast med å demme opp for dei største klimaendringane, må verda, Noreg og vi som lokalsamfunn handle. Ei berekraftig framtid er avhengig av stadig meir fornybar energi. Med utvikling av vass- og vindkraft, og elektrifisering, bidreg SFE til at vi saman skal nå klimamåla. 

Nå søkjer vi etter deg som har lyst til å vere med oss på denne reisa vidare. Vi søkjer etter trainee innan berekraftsarbeid og/eller elektrifisering. 

Som trainee hos oss er du en del av Framtidsfylket sitt traineeprogram i lag med 24 andre trainee'ar i andre verksemder i Vestland fylke. Du deltek på fagsamlingar der det er fokus på tema kring det å vere i starten av karriera, og du blir kjent med lokalt næringsliv. Du får ein fagleg mentor som følgjer deg tett i arbeidet ditt.

Les meir om traineestillinga og send søknad her 

Les meir om traineeprogrammet på www.framtidsfylket.no