VIL DU BLI TRAINEE I SFE?

04.12.2017
SFE <picture/>

Fornybar energi er framtida, og Sogn og Fjordane Energi (SFE) si kjerneverksemd. Med base i fjordfylket er SFE ein viktig aktør innan produksjon, distribusjon og sal av straum. Med ei digital framtid i møte ser vi etter deg som er ein kreativ teknolog i starten av karriera, og som ønskjer å vere trainee innan digitalisering og IKT i SFE-konsernet.

Vi søkjer deg som har:

  • Bachelor eller mastergrad innan relevante fag, med maksimalt tre års arbeidserfaring
  • God forståing for analyse, teknologi og digitalisering
  • Evne til å forstå korleis vi kan nytte teknologi og tilgjengelege data som grunnlag for å bli betre, meir effektive og sjå nye forretningsmogelegheiter

Du er som person:

  • Nysgjerrig, engasjert og initiativrik
  • Analytisk, strukturert, målretta og oppteken av å levere resultat
  • Oppteken av ny teknologi, trendar og presentasjonsformer
  • Likar å samarbeide, og er god til å kommunisere på tvers av fagområde

Om traineestillinga:
Dei ulike selskapa i konsernet har fleire store FoU-prosjekt knytt til digitalisering, dei fleste samlar eller produserer store mengder data, og vi vil no skape meirverdi ut av denne datamengda. Som trainee på IKT-utvikling vil du arbeide aktivt opp mot desse prosjekta, og hjelpe fagmiljøa våre til å nytte innsamla data meir aktivt gjennom analyse, visualisering og presentasjon av informasjon, mønster og trendar i interne og eksterne data.

Du vil arbeide i grenseflata mellom "moteorda" Big Data, smart drift, smart produksjon, smarte nett og smarte hus. Di interesse for teknologi, utvikling, analyse og presentasjon er like viktig som kva fagområde du kjem frå, men domenekunnskap er likevel ein viktig faktor.

Du vil få arbeide mykje sjølvstendig, og må vere initiativrik og drivande for det du held på med, samtidig som at god kommunikasjon og godt samarbeid på tvers av fag og avdelingar vil vere svært viktig for at vi skal lukkast med å få den nye teknologien til å bli del av kvardagen vår

Som trainee i SFE, deltek du i Framtidsfylket sitt traineeprogram, og vi legg til rette for at du skal få ein god, trygg og spennande start på karriera di, med både fagleg og personleg utvikling. Du vil få ein mentor i SFE-konsernet som følgjer deg opp. Fire gongar i løpet av året vil du delta på traineesamlingar i Framtidsfylket, der fokus vil vere personleg utvikling og erfaringsutveksling med dei andre traineeane. I tillegg reiser trainegruppa på ein utlandlandstur på våren 2018.

Tilsetting: Du vil bli tilsett på avdeling for IKT-utvikling i morselskapet vårt, og arbeide tett opp mot alle dei tre verksemdsområda våre, produksjon, nett og kraft.

Oppstart: August 2018

Spørsmål? Kontakt Ole Gaute Hovstad på tlf 916 40 231

Søk på stillinga på Framtidsfylket sine heimesider.

Link block image

FRAMTIDSFYLKET

Søk på traineestilling i SFE på Framtidsfylket si heimeside. Her kan du i også lese meir om traineeordninga og andre spennande traineebedrifter frå Sogn og Fjordane.

Les meir