Fire ledige stillingar i SFE Nett

SFE <picture/>

Som medarbeidar i Sogn og Fjordane Energi har du jobb som gir meining. Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga. Eit robust straumnett er nødvendig for å frakte straumen sikkert og effektivt ut og fram til kundane våre. Eit aukande behov for straum i framtida og mål om å bytte ut fossile energikjelder med fornybar energi gjer straumnettet til ein kritisk infrastruktur for utvikling av samfunnet.

Både utvinning av ny fornybar energi, og ei aukande elektrifisering av samfunnet, er avgjerande om vi skal lykkast med å redusere våre utslepp.

I løpet av sommaren søkjer vi etter fire nye medarbeidarar til spennande oppgåver. 

SFE Nett søkjer Nettanalytikar, Fagansvarleg regionalnett, Prosjektingeniør linjebygg og Prosjektingeniør regionalnett. Arbeidsstad for alle stillingane er enten i Florø eller på Sandane. 

Sogn og Fjordane Energi tilbyr konkurransedyktige vilkår i eit selskap i sterk vekst. Vi er stolt av å ha eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse blant våre tilsette. Vi oppmodar kvinner til å søkje på alle våre ledige stillingar.

Søknadsfrist for alle stillingane er 15.august.

Har kan du lese meir om stillingane og finne kontaktinformasjon 

Nordfjord Aktiv og Visit Nordfjord er nokre sider du kan finne meir informasjon om fritidsaktivitetar og liknande i Gloppen og regionen Nordfjord.