Nye eigarar i Lefdal Mine Datacenter

SFE <picture/>

Lefdal Mine Datacenter har fått ny investor. Amerikanske Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund har kjøpt ein majoritetsandel i selskapet og det tyske selskapet Rittal forblir ein minoritetseigar.

Dette betyr at SFE og dei andre regionale eigarane sel alle aksjane sine. LocalHost gruppen, investormiljøet i Måløy og SFE har lukkast med å etablere ein ny grøn og framtidsretta næring i regionen og har god tru på at eigarskiftet sikrar vidare utvikling av datasenteret:

- Lefdal Mine Datacenter har no ein eigarstruktur som med sitt internasjonale nettverk og solide finansielle styrke har dei beste føresetnadar for å få ut det fulle potensiale som ligg i selskapet, seier styreleiar i Lefdal Mine Datacenter Sindre Kvalheim.

Vil auke kapasitet
Det har vore stor interesse frå ein rekke investorar. Columbia Threadneedle er eit leiiande fond som forvaltar store verdiar globalt. Dei har heile vegen vore tydelige på sine ambisjonar og korleis dei ønskjer å utvikle Lefdal Mine Datacenter til å bli eitt av verdas største og leiiande datasentre. I samband med salet er det utført ein emisjon, og selskapet er tilført betydelege midlar. Midlane investerast no i auka kapasitet i datasenteret som eit ledd i å akselerere veksten og kundeinntaket. So langt er det løfta 10 MW kapasitet, målet er 200 MW.

Om SFE si deltaking i prosjektet seier Kvalheim følgjande:

- SFE har vore med heilt sida forprosjektet og var første eksterne selskap som valde å investere. Vi hadde aldri klart å løfte Lefdal utan SFE si støtte, investeringsvilje og urokkelig tru.