Statsministeren på kraftverkbesøk

SFE <picture/>

Statsminister Erna Solberg besøkte Jølstra kraftverk i Jølster denne veka. — Vasskraft er grøn og fornybar energi som vi vil ha meir av, sa statsministeren.

Jølstra kraftverk er under bygging i øvre del av Jølstra. Sunnfjord Energi fekk konsesjon i 2017, og etablerte utbyggingsselskapet Jølstra kraft DA saman med SFE Produksjon. Som ein del av fusjonen med Sunnfjord Energi vart eigarskapen i kraftverket overført til BKK.

Anleggsarbeidet ved Jølstra kraftverk starta i 2018, og kraftverket skal etter planen settast i drift i 2021. Det vil produsere om lag 250 GWh straum, tilsvarande forbruket til rundt 12 000 husstandar. Kraftverket er det største vasskraftanlegget som for tida er under bygging i Norge, målt i produksjon.
– Vasskraft er grøn og fornybar energi som vi vil ha meir av, sa Solberg under besøket.

Omfattande miljøomsyn
Det moderne kraftverket vert bygd inne i fjellet og er nesten usynleg frå utsida. Det er tatt omfattande miljøomsyn, mellom anna til storauren sine gyteplassar i øvre del av elva.
– Det var kjekt å sjå dette, og det er imponerande arbeid som ligg bak eit slikt kraftverk. Vi tar gjerne lysbrytaren for gitt, utan å tenke på kva som ligg bak. Eg tenkjer også at det er flott å sjå at bygginga av kraftverket har tatt omsyn til naturen og eg tenkjer det er bra at det vert bygd ut meir vasskraft i Noreg. Vasskraft er fornybar, grøn og utsleppsfri, sa Solberg.

Trur på meir vasskraft med nye vilkår
I statsbudsjettet for 2021 foreslår regjeringa å innføre ein kontantstraumskatt for nye vasskraftprosjekt, kor investeringskostnaden kjem til frådrag umiddelbart. For eksisterande vasskraftverk vert dagens skatteregime vidareført. Johannes Rauboti meiner forslaget er eit svært godt tiltak for å få gang nye prosjekt men vasskrafta vil framleis vere Noreg sin tyngst beskatta næring.

- Enkelte kraftverk betaler meir enn heile overskotet i skatt. Det svekker selskapa si evne til å finansiere nye prosjekt med eigenkapital, seier konsernsjef i SFE, Johannes Rauboti.
Bransjen sin interesseorganisasjon, Energi Norge, skriv i sitt innspel til finanskomiteen på Stortinget at éi løysning kan vere å auke friinntekta slik at normal avkastning ikkje møter ekstraordinær skatt. Ei anna løysning som bør vurderast i lys av regjeringa sitt forslag, er kortare avskrivningstider for eksisterande anlegg.