Energiforsyning og korona

SFE <picture/>

Energibransjen er ein del av den samfunnskritiske infrastrukturen, og difor har vi sett i verk beredskapstiltak.

SFE er ein ansvarleg samfunnsaktør og skal delta i smittevernsarbeidet. I tillegg skal vi sikre den samfunnskritiske straumforsyninga. Vi er også opptatt av å ivareta helsa og tryggleiken til våre tilsette.

Tilsyn hos nettkundar er difor innstilt inntil vidare og vi ber alle kundar som vil ha kontakt med kundesentra våre om å nytte telefon, chat eller e-post som normalt. 

Vi er førebudd på situasjonen og er trygge på å kunne levere straum som normalt og rette eventuelle feil som skulle oppstå i straumnettet vårt. Planlagt vedlikehald kan bli utsatt for å sikre kapasitet dersom straumstans ved t.d utfordrande vêrforhold eller liknande.

Vi har gjort våre interne tiltak for å sikre beredskap. Bygga våre er stengt for alle besøkande, og møter blir gjennomført elektronisk.

Vi har oppretta ei beredskapsgruppe og følgjer utviklinga kontinuerleg. Heile energibransjen samarbeider om situasjonen og vi følgjer dei råd som blir gitt frå myndigheitene.

Statusen vil bli oppdatert ved endringar og tiltaka vil vere gjeldande frå 13.mars og på ubestemt tid. Vi oppmodar alle om å vere med i den store dugnaden for å hindre smittespreiing.