Det blir Skanska og Andritz som blir hovudleverandørane i SFE sitt store kraftutbyggingsprosjekt i Øksenelvane. Investeringa på 1,2 mrd er den største i SFE si historie.
Prosjektet, som fekk grønt lys frå NVE tidlegare i haust, skrir fram og no er det teikna avtaler med dei største leverandørane. Skanska skal stå for bygningsteknisk arbeid medan Andritz skal levere turbinar, generatorar og kontrollanlegg.
- Vi har lang erfaring frå tradisjonelle vasskraftutbyggingar og vi er glade for å kunne bidra inn i endå eit prosjekt som sikrar betre utnytting av kjelder til fornybar energi. Vi har samarbeidd godt med SFE i tidlegare prosjekt og ser fram til å kome i gang med byggearbeida på nyåret, fortel Anders Geirstad, konserndirektør for Skanska si anleggsverksemd.
Det skal byggast nytt inntak i Store Øksendalsvatn og 2,2 km med ny vassveg i tillegg til avløps- og tilkomsttunnellar. Kraftstasjonen vil ha to aggregat på 55 MW kvar, som skal ligge 500 meter inne i fjellet. Fallhøgda frå magasin til kraftstasjon er på 390 meter, og avløpet går rett til Nordfjorden.
SFE sine fagfolk har bidrege i alle fasar av planlegging og prosjektering av det nye kraftverket, og vil sjølv vere byggherre under anleggsfasen.
Lokal bruk av steinmasse
Tore Feten er prosjektleiar i det store utbyggingsprosjektet, og han gler seg til å setje i gang med utbygginga når våren kjem.
Det blir om lag 220 000 m3 med steinmasse frå prosjektet og det har vore stor interesse for desse massane.
- Vi gjer no avtalar med ulike aktørar om bruk av masse i frå kraftutbygginga slik at det blir brukt i tiltak med stor samfunnsnytte. I tillegg kjem vi til å nytte noko sjølv som til dømes til utbedring av vegen mellom Åskåra og Øksenelvane, utanfor den nye kraftstasjonen og til å fornye og utvide friluftsområdet i Lunden i nærleiken av kraftstasjonen. Dette er eit område som i dag blir brukt av lokalbefolkninga og no ønskjer vi å legge området endå betre til rette for bruk.
Av dei største i Noreg
Øksenelvane kraftverk var av dei første store utbyggingane i Sogn og Fjordane for meir enn 70 år tilbake, og no blir Nye Øksenelvane kraftstasjon eit av dei største under bygging i dag. Etter sju tiår i drift, har stasjonen omfattande rehabiliteringsbehov, mellom anna på grunn av skadar i betongen. Planen til SFE er difor å erstatte eksisterande kraftstasjon med ein ny stasjon rett ved sida av den gamle.
- På den måten unngår vi å måtte stanse straumproduksjonen i utbyggingsfasen, seier Feten.
Den nye stasjonen vil gje både 21 GWh meir straumproduksjon og nær firedobla effekt, som betyr at kraftverket er rusta for å levere energien når marknaden treng det, seier Feten.
- Eksisterande reguleringar i vassdraget saman med større slukeevne i kraftstasjonen, og ny og større trykktunnel gjer at det nye kraftverket kan produsere meir og kjappare. Framtidas kraftmarknad med stadig meir uregulerbar kraft vil trenge slike store, fleksible “batteri” som det vassmagasina i Øksenelvane representerer, seier prosjektleiaren.
Han legg til at denne utbygginga ikkje medfører store naturinngrep.
- Dette er eit område som allereie er bygd ut, og vi har allereie dei tilkomstvegane vi treng opp til magasina. Det meste av arbeidet vil foregå inne i fjellet. Kraftverket har avløp rett i sjø og vil soleis ikkje påverke fiskebestandar i elv nedstraums.
Den nye kraftstasjonen skal stå klar til produksjon i 2028.