Lågaste straumprisar på 20 år

16.11.2020
SFE <picture/>

Vi må tilbake til år 2000 for å finne lågare straumprisar på same tid som tredje kvartal i år. Samanlikna med 2019, er straumprisen 66 prosent lågare i år, skriv Statistisk Sentralbyrå.

Kva er årsaka
Historisk høg fyllingsgrad i vassmagasina ved inngangen til tredje kvartal førte til svært låge kraftprisar i første del av kvartalet. Mykje nedbør og snøsmelting har gjort at fyllingsgraden har auka enda meir ved inngangen til fjerde kvartal.

33 prosent nedgang for folk flest
Tradisjonelt har ein kunne sagt at straumrekninga er delt i tre omtrent like delar; nettleige, straumbruk og offentlege avgifter. Det er kun den eine tredjeparten som er uvanleg låg. Nettleige og avgifter er tilnærma uendra. Det vil sei at no har den totale straumpisen fordelt seg med 20 prosent til straumbruk, 39 prosent nettleige og 41 prosent på avgifter. Nettleige og avgifter utgjer ein større del av den totale straumprisen periodar med låg straumpris.

Samla sett var alle tre delane i snitt 72,9 øre/kWh i 3.kvartal 2020. Samanlikna med same periode eitt år tilbake, er det ein nedgang på straumrekinga på 33 prosent.

Låge prisar framover
Det er grunn til å tru at dei låge straumprisane vil halde fram ei stund til. Marknaden forventar ein straumpris (eks. mva) på under 15 øre/kWh i Noreg. Det vil sei at den vil halde seg stabilt slik den er no.

Ein haust prega av vått, mildt og vindfullt vêr i tillegg til eit samfunn prega av koronapandemien er med å prege dette. Ei stor fornybarutbygging i Norge og Sverige er også med å bidra til dei låge prisane. Dette kjem sjølvsagt hushaldnigane og industrien til gode, seier kraftanalytikar i SFE Ole Marius Gloppestad.

 Elektrisitetspris, nettleie og avgifter for husholdninger

Kjelde: Statistisk sentralbyrå; «Fortsatt veldig lav strømpris», «Elektrisitetspriser».