Olin Henden ny styreleiar i SFE

SFE <picture/>

Olin Johanne Henden er valt til ny styreleiar i Sogn og Fjordane Energi. Ho har vore styremedlem sidan 2012, og tek over leiarvervet etter Sigurd Reksnes.

Henden er utdanna bedriftsøkonom, har utdanning innan relasjonsleiing, og er undervegs i ein Master of Management ved Handelshøyskolen BI med fag innan verksemdstyring, digital sikkerhet og grønn konkurransekraft. Ho er bedriftseigar, med omfattande styreerfaring og fleire år som politisk aktiv i Høgre.

 – Eg er veldig audmjuk ovanfor det store ansvaret som eigarane har gitt meg og resten av styret til å utvikle SFE vidare som den juvelen selskapet er. SFE har vore modige og investert i fornybar energi. Det er viktig for å redusere klimarisikoen som verda står ovanfor. Med modige og dyktige tilsette i organisasjonen er vi godt rusta for å skape store verdiar for eigarane våre samtidig som vi fortset å utvikle og investere i ny energi, seier Henden.

Konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, Knut Arild Flatjord, ser fram til samarbeidet i ei spennande tid for selskapet.

 – Sigurd Reksnes har gjort ein veldig god jobb som styreleiar for Sogn og Fjordane Energi, og eg takkar han for godt samarbeid. Når ein ny person no skal sitje ved roret, så er vi veldig glade for at det er nettopp Olin som tek den rolla. Ho kjenner selskapet svært godt etter mange år i styret, og skal verkeleg ha sin del av æra for den gode utviklinga Sogn og Fjordane Energi har hatt, og ikkje minst dei prosjekta og moglegheitene som no ligg framfor oss, seier Flatjord.