Offisiell opning av Lutelandet vindkraftverk

25.10.2022
Aasland opnar Lutelandet

Aasland opna vindkraftverk i Fjaler

Måndag opna olje- og energiminister Terje Aasland Lutelandet vindkraftverk i Fjaler kommune. Kraftverket er eigd av Sogn og Fjordane Energi, og kan forsyne rundt 9000 husstandar med straum.

Vest i Fjaler kommune, på øya Lutelandet, har Sogn og Fjordane Energi (SFE) bygd Lutelandet vindkraftverk. Måndag 24. oktober vart kraftverket offisielt opna av olje- og energiminister Terje Aasland, saman med rundt 100 inviterte gjestar. Dei ni vindturbinane, som gir ein energiproduksjon på rundt 150 GWh i eit normalår, vil kunne forsyne rundt 9000 husstandar med straum. Kraftverket fekk konsesjon i 2019, og etter ein byggeperiode på i underkant av to år kom kraftverket i prøvedrift allereie hausten 2021.

— Det er gledeleg for meg å opne eit slikt imponerande anlegg som Lutelandet vindkraftverk. Vi treng meir energi og vi treng fleire solide og gode utbyggingar. Vindkraftutbygging er ikkje fritt for konflikt, det gjeld også her, og då er det godt å sjå at SFE har tilpassa prosjektet til landskap og miljø, og kartlagt klimaavtrykk i byggefasen, sa Aasland under opninga.

Aasland trakk også fram betydninga for næringsutvikling.

— Dette er eit viktig skritt for framtida vår med fornybar energi til industri- og næringsutvikling. Målet er ei trygg og effektiv kraftforsyning for folk og industri, som byggast ut på ein gradvis og skånsam måte i samspel med viktige forbrukar- og miljøinteresser. Det er Lutelandet vindkraftverk eit godt døme på, sa Aasland.

På Lutelandet er det allereie etablert industri, og det foreligge planar om nye etableringar. Bygginga av kraftverket har bidrege til både nytt og forsterka straumnett til området, noko som legg til rette for nye industrietableringar i kommunen. Kjetil Felde er ordførar i vertskommunen, og meiner etableringa av vindkraftverket vil skape positive ringverknader.

— Potensialet på Lutelandet er stort; hydrogen, oppdrett på land og alt som kan inngå i ein sirkulær, grøn økonomi. Den utløysande faktoren er vindkraft og straumforsyning som monnar. Vidare skal vi bygge stein på stein og få til ei spennande utvikling for regionen, sa Felde på opninga.