SFE sitt utviklingsselskap skal heite Nyvinn

17.10.2024
SFE <picture/>

Med nytt namn og to nye tilsette på laget, skal SFE sitt nye selskap få fart på det grøne skiftet i regionen.

I fjor vart det kjent at SFE har oppretta eit dotterselskap som skal jobbe med å få fram nye grøne løysingar i regionen. SFE har sidan 2020 vore med på etableringa av selskap som mellom anna hydrogenselskapet HyFuel og skipsladarselskapet Skipskraft, begge i Florø. I år tok SFE over eit prosjekt som har vurdert moglegheitene for å etablere eit produksjonsanlegg for biogass i Gloppen.

– Det er ikkje nytt at SFE investerer i ny næringsutvikling. Allereie i 2009 bidrog SFE til realiseringa av Lefdal Mine Datacenter. Vi har gjennom tidene fått mange førespurnadar om å bidra inn i ulike prosjekt, både med fagleg kompetanse og som investor. Med Nyvinn skal vi målretta ta del i ny grøn utvikling i regionen vår. Vi er aktivt på søken etter potensielle samarbeidspartnarar der målet er å bidra til det grøne skiftet og ikkje minst lokal verdiskaping og arbeidsplassar.

Dette seier Roger Flølo som er dagleg leiar  av Nyvinn. Selskapet er 100% eigd av SFE.

To nye tilsette
Selskapet har i dag to tilsette på Sandane, og har no signert avtale med to nye medarbeidarar som skal jobbe med prosjekt- og forretningsutvikling.

– Nye tilsetjingar er ein viktig del av planen vår om å skape grøn vekst i regionen vår, og vi gledar oss difor over den gode tilgangen på kompetente søkarar til stillingane vi har utlyst. Vi har no komplettert laget vårt med nye dyktige og engasjerte medarbeidarar, og saman skal vi  bidra til å skape grøne arbeidsplassar i regionen vår, seier Flølo.

Ny fase i biogassprosjekt
For biogassatsinga på Byrkjelo er målet å ha eit godt grunnlag for ei endeleg investeringsbeslutning i løpet første halvår i 2025, med byggjestart så snart alle løyver og avtalar er på plass. Anlegget skal produsere biogass og grøn CO2 til industri- og transportføremål, og biogjødsel til landbruket. Råstoff  skal vere hudsdyrgjødsel , matavfall og fiskeavfall.

– Etablering av eit biogassanlegg vil vere eit stort løft for oss, og vi ser etter industrielle samarbeidspartnarar til prosjektet. Spesielt viktig blir det å sikre nok råstoff til anlegget, og ikkje minst avtalar om leveranse av sluttprodukta, seier Flølo.

For Nyvinn har det vore viktig å sjå etter moglegheiter for knoppskyting og potensial for ny næringsutvikling i kjølvatnet dersom anlegget blir realisert. Dette kan vere næringsaktørar som kan bruke biogjødsel til vidareforedling eller grøn CO2 som innsatsfaktor i sin produksjon. Nyvinn har allereie eit godt samarbeid med Nordfjord Miljøverk, som var initiativtakar til prosjektet saman med sine eigarkommunar.

– Dette er eit veldig spennande prosjekt som vil kunne bidra til grøn omstilling og vekst i seg sjølv, men som også skapar vekstmoglegheiter for fleire aktørar i regionen. Det er nettopp dette Nyvinn skal bidra til, avsluttar Flølo.