SFE har starta monteringa av automatiske straummålarar. Brandsøyområdet i Flora var først ut.
Det er Eltel som skal stå for dei fleste installasjonane. Dei største energiselskapa i fylket samarbeider tett og dei nyttar alle Eltel til å montere. Sunnfjord Energi er snart ferdige med sitt område og Eltel står no klare til å montere hos SFE sine nettkundar.
– SFE sitt nettområde strekker seg over åtte kommunar, og vi vil bruke tida fram til jul med å montere nye målarar hos kundane våre. Etter vi er ferdige i Brandsøyområdet er det Askvoll, Eikefjord og Hyen sin tur, før vi går tilbake og tek resten av Flora til sommaren, seier prosjektleiar for automatiske straummålarar i SFE, Rune Grimstad.
Reduserer behovet for nytt nett
Dei nye straummålarane gir nettselskapa verdifull kunnskap om kapasiteten i straumnettet.
– Dei gjer at vi får ei meir detaljert innsikt i forbruksmønsteret og dermed betre innsikt i kva investeringar i straumnettet som faktisk er naudsynte. Kan vi redusere tal utbyggingar, samstundes som vi har kontroll på forbrukstoppane i nettet, så vil det vere positivt for både miljøet og nettleiga, seier Asgeir Aase, konserndirektør for SFE Nett.
Betre oversikt
Med ein automatisk straummålar i kvar bustad vil også nettselskapa kunne drifte nettet meir effektivt. Slik det er i dag, har nettselskapa oversikt over straumnettet fram til næraste trafostasjon. Ved brot på linja mellom trafostasjon og bustad er ein avhengig av at folk sjølv melder frå om det.
– Med automatisk straummålar får vi direkte beskjed om det er noko gale på straumleidninga inn til huset til kunden, og vi kan rette feilen kjappare, seier Aase.
Noregs største AMS-samarbeid
Å skifte alle dei manuelle straummålarane til automatiske målarar er eit nasjonalt prosjekt sett i gang av myndigheitene, gjennom Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Alle nettselskapa i Noreg har frist på seg til 1. januar 2019 med å montere automatiske straummålarar hos kundane sine.
SFE er ein del av SORIA-samarbeidet, som er Norges største samarbeid innan automatiske straummålarar, med 25 nettselskap som til saman skal montere 720 000 nye straummålarar.
Lurer du på når du får ny straummålar?
Dette, og meir informasjon finn du på SFE Nett si webside.