LINJA UTSET NY NETTLEIGE ORDNING

SFE <picture/>

Linja utset ny nettleige ordning etter råd frå regjeringa

 

Den planlagde nye nettleige ordninga som skulle tre i kraft 1.januar 2022 er utsett.  Regjeringa snudde i siste time fredag 17.desember, og gjekk bort frå at alle nettselskap var pålagt å innføre dette. Dermed er det opp til kvart nettselskap om ein innfører ordninga eller ikkje. Linja AS har valt å utsetje ordninga som følgje av myndigheitene sitt råd. 

Den nye nettleige ordninga slik den var foreslått skulle motivere kundane til å jamne ut forbruket sitt og unngå dei høge forbrukstoppane samfunnet får eit par gonger om dagen når alle brukar mykje straum samtidig. Målet er å utnytte det eksisterande straumnettet betre før ein må forsterke og byggje nytt nett. 

Eit aukande behov for elektrisitet som følgje av elektrifisering av samfunnet gir også eit auka press på straumnettet. Ein kan tenkje på straumnettet som motorvegar, der ein har avgrensa rom for mengde trafikk på ei og same tid. Slik er det også med straumnettet.

Løysinga er ikkje alltid å bygge ut nytt nett, då dette er kostbart og har ein konsekvens for naturen og miljøet. Straumnettet er eit stort spleiselag for samfunnet, der rekninga går til hushaldningar og næringsliv gjennom nettleiga. For å halde nettleiga lågast mogleg for kundane våre, vil det vere viktig at vi utnyttar det eksisterande nettet før.

Linja meiner at den nye ordninga ville vere bra for kundane og samfunnet. Kundane kunne spare pengar og frigjere kapasitet i nettet. Det var ein langsiktig god ordning. Sjølv om ein står fritt til å innføre ordninga, vel vi likevel å følgje regjeringa si tilråing slik som mange andre nettselskap også gjer. Ordninga er utsett på ubestemt tid. 

Har du spørsmål om nettleiga kan du kontakte kundesenteret til Linja på 
E-post: kundesenter@linja.no 
Telefon: 57 88 48 50

Spørsmål frå media kan rettast til talsperson for Linja, Christin Aare
E-post: christin.aare@sfe.no
Telefon: 97 98 39 62