Låg vasstand i Nedre Sødalsvatnet, Ålfoten

SFE <picture/>

NVE har gjeve SFE Produksjon AS løyve til å senke vassnivået under lågaste regulerte vasstand (LRV) i perioden 20. januar til 31. mars 2021. 

Det er rehabiliteringsarbeid på botntappeluka i dammen som ligg til grunn for søknaden.

Løyvet er gjeve med heimel i vassressurslova § 8 om naudsynt reparasjon og vedlikehald for konsesjonsgjevne tiltak.

Sjå heile løyvet her.

Har du spørsmål kan du kontakte prosjektleiar:

Per Inge Verlo, tlf. 922 06 404