Vindkraft og lokalt eigarskap

SFE <picture/>

Dette lesarinnlegget er skrive av Ola Lingås, konserndirektør i SFE Produksjon.

I to lesarinnlegg den seinaste tida forsøker motstandarar av vindkraft på Lutelandet og Bremangerlandet nok ein gong å så tvil om utbyggar sine intensjonar med prosjekta, og å skape usikkerheit rundt framtidig eigarskap.

Like lite som t.d. Fjaler eller Bremanger kan garantere for kommunestrukturen og -grensene for evig og alltid, eller for eit selskap å garantere at ein alltid vil drive på same måte som før, så kan heller ikkje vi garantere for eigarskapen til våre prosjekt for all framtid. Det vil alltid vere opp til styret, utnemnt av eigarane og dei tilsette, å vedta større investeringar eller vegval for aktiviteten vår.

Og kven er eigarane våre? Jo, over 60 prosent er eigd av kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane, resten er eigd av BKK, som også har lokale kommunar på eigarsida.

Vi trur våre kommunale eigarar og deira innbyggarar skal vere glade for at vi ikkje strør rundt oss med garantiar om framtida, om dette eller andre delar av verksemda vår. Som i alle andre verksemder er det eigarane som bestemmer over sitt eigarskap. Det vi har presisert er at det er SFE sin strategi å vere ein langsiktig eigar av fornybar produksjon av elektrisitet, slik vi har vist gjennom satsing og utvikling over tid.

SFE eig, driftar og utviklar i dag vasskraftverk som er 100 år gamle, noko som burde vere det beste beviset på langsiktig og lokalt eigarskap. Denne langsiktige strategien for produksjonsverksemda ligg sjølvsagt også til grunn for vindkraftsatsinga. I 2019 kjøpte SFE ut dei andre eigarane i vindkraftprosjekta på Lutelandet og Bremangerlandet, og vi eig no 100%. Vi meiner dette tydeleggjer at vi har både tru på og langsiktige planar for desse prosjekta.

Vi er stolte over å vere ein lokal eigar og utbyggar av fornybar energi som ikkje berre bidreg i kampen mot klimaendringane, men som også gir betydeleg verdiskaping lokalt.

Enkelte har den seinare tida forsøkt å snakke ned verdiskapinga vindkraftprosjekt generelt gir lokalsamfunna. Vi skal ikkje uttale oss om andre prosjekt enn våre eigne, då det vil vere skilnader i avtaler, kompensasjon, driftsmodellar og sysselsetting. Men det vi veit er at Bremangerlandet som døme vil skape verdiar på minst 300 millionar kroner for kommunen, innbyggarar og næringsliv over ein periode på 25 år. Kanskje er dette lite i den store samanheng for større byar og tettstadar, men for kommunane i vårt område vil dette vere eit viktig bidrag til vekst og utvikling.

I eit lesarinnlegg vart vi også bedt om å avklare “korleis investeringane vil påverke utbyttenivået til eigarkommunane dei komande åra, og om eigarane samtykkjer til investeringane”.

Det er styret i SFE, med representantar valt av eigarar og tilsette, som vedtek både investeringsbudsjett og kva større prosjekt vi skal investere i. Dette er også noko vi årleg presenterer og drøftar direkte med eigarane. Når eigarane våre har betydelege midlar plassert i SFE, er det naturleg at dei er opptekne av å få ei god avkastning på denne kapitalen – ei avkastning som for eigarkommunane vil bidra til å styrke tilbodet og tenestene til innbyggarane deira.

Men vi føler oss heldige som har eigarar som innser at – som i samfunnet og næringslivet forøvrig – det er tider for å så, og tider for å hauste. Derfor har dei også støtta ein ansvarleg utbyttepolitikk i tider med store investeringar, med mål om auka verdiskaping på sikt. Og då dreier det seg ikkje berre om avkastning og utbyte, men også om rolla SFE-konsernet spelar i å sikre og utvikle lokal kompetanse, lokale arbeidsplassar, kontrollen over ein samfunnskritisk infrastruktur og eigarskapen til viktige naturrressursar.