Jobb i SFE

SFE <picture/>

Vil du bli ein del av klimaløysinga?

Vi ser etter seks nye medarbeidarar innan ulike fagfelt og til ulike plassar i fylket. 

Har du lyst på eit meiningsfullt arbeid? Kloden vår ropar etter klimatiltak, og FN sine berekraftsmål syner tydeleg at fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga. I våre 24 kraftstasjonar gjer vi kvar dag om rein vasskraft til fornybar energi, og vi er i ferd med å auke bidraget vårt gjennom bygging av nye vind-og vasskraftverk.

Vi driftar og byggjer straumnett som effektivt fraktar straumen ut og fram til kundane våre.I tillegg er eit robust straumnett nødvendig for å byte ut fossile utslepp med elektrisitet. Både utvinning av ny fornybar energi og elektrifisering av samfunnet er avgjerande om vi skal lykkast med å redusere utsleppet av klimagassar.

Vi har eit viktig og framtidsretta arbeid framfor oss, og no ønskjer vi DEG med på laget vidare. Er du klar? 

Vi ser etter seks nye medarbeidarar innan ulike fagfelt og til ulike plassar i fylket: 

  • Fagarbeidar elektro/automasjon (Svelgen) 

  • Fagarbeidarar elektro/automasjon (Balestrand) 

  • Driftsleiar Lutelandet vindpark (arbeidsstad open) 

  • Prosjekt/byggjeleiar (Sandane) 

  • Sivilingeniør elkraft (Florø)  

 Ta gjerne kontakt om du har spørsmål. Du finn kontaktperson og meir informasjon om dei ledige stillingane her.