Ledig stilling som konserndirektør for IKT og digitalisering

SFE <picture/>

Den nyoppretta stillinga i vår digitale satsing inngår i konsernleiinga og rapporterer til konsernsjef.

Konserndirektøren vil leie eit teknologimiljø beståande av 8 medarbeidarar innan operasjonell IT, IT-sikkerhet, samband og kommunikasjon, samt digital forretningsutvikling. Samtidig vil du samarbeide tett med mange av konsernet sine medarbeidarar og miljø innan digitalisering og teknologi i dei ulike forretningsområda.

Som konserndirektør vil du innan rammene av den overordna strategien til konsernet, ha ansvar for utvikling og gjennomføring av ein framtidsretta digitalstrategi. Dette inneberer eit tett samarbeid med dei ulike forretningsområda i forhold til:

  • å vere pådrivar for at konsernet nyttar formålstenlege og framtidsretta teknologiske system og verktøy som sikrar og forsterkar konkurransekrafta til konsernet på alle områder
  • kontinuerlig effektivisering og automatisering av forretningsprosesser
  • prosjektleiing for større digitaliserings-prosjekt i konsernet
  • sikre at kundane våre og tilsette opplever digitale tenester av god kvalitet
  • sikre at SFE har kostnadseffektive og stabile IT- og sambandsfunksjonar som understøttar forretningsprosessane
  • sikre nødvendig kompetanse i konsernet for å møte trendar og utvikling knytt til fagfeltet
  • skape engasjement og drivkraft mot felles mål

Vi søker kandidatar med solid bakgrunn, høgare utdanning, og leiarerfaring innan teknologi og digitalisering og/eller erfaring frå consulting. Du bør ha god forretningsforståing, erfaring frå å arbeide strategisk og strukturert med digitalisering og resultatbetring, og har erfaring med å arbeide med eksponering mot styre og toppleiing.

Den rette kandidaten har eit brennande engasjement for IT og digital forretningsutvikling, og trivst med å kommunisere, operasjonalisere og forankre digitalisering på alle nivå i SFE.

Har du spørsmål om stillinga eller ønskjer ei uforpliktande samtale, så kan du ta kontakt med Visindi ved Patrick Gjønnes, tlf. 410 42 063 eller Nils Jørgen Tømmerås, tlf. 971 84 166. SFE v/ Konserndirektør HR Ole Bent Søreide kan om ønskeleg kontaktes på tlf. 913 91 733. Vi vil handsama alle kontakter konfidensielt. Søknad/CV kan sendast snarast via https://visindi.no/application/10559.