Kraft i Vest 2022 - påmelding er opna

12.07.2022
Kraft i Vest 2022

Kraft i Vest 21.-22. september

Vi står i eit tid med store endringar som påverkar oss alle og difor er temaet for årets konferanse «Når alt er i endring». Vi har invitert dyktige foredragshaldarar til å ta eit djupdykk i korleis dette ser ut i frå eit politisk, sikkerheits- og klimaperspektiv.

Vi spør korleis endringane påverkar Noreg, kraftmarknaden og trusselbildet. Korleis kan vi gå frå prat til handling som verkar på klimakrisa? Korleis skal Vestlandet bli ein spydspiss i det grøne skiftet? Dette og mykje meir vil du få svar på.

Ine Søreide Eriksen, Torgeir Waterhouse, Åslaug Haga, Elisabeth Sæther, Anders Felde, Sylvi Listhaug er nokre av dei dyktige foredragshaldarane som kjem. Det blir både foredrag, samtale frå scena og høve til å stille spørsmål frå salen.

Det blir høgtideleg utdeling av Drivprisen 2022

På kvelden inviterer vi til festmiddag på historiske Gloppen hotell. Kortreist mat og frå stemningsfulle tonar frå Marion Ravn byr på ei sanseleg oppleving så vel som ny innsikt og kunnskap.

Det er Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Vestland Fylkeskommune og Innovasjon Norge Vestland som står bak Kraft i Vest.

Sjå programmet her.

Sikre deg din billett i dag.  Meld deg på her.