Dei to største eigarane våre, Sogn og Fjordane Holding og Eviny, har blitt samde om å utgreie ei mogleg samanslåing av Eviny og Sogn og Fjordane Energi (SFE).
SFE skal delta i utgreiinga, som tek til i september og er venta å vare i omlag seks veker.
Faktaboks
Sogn og Fjordane Holding AS er SFE sin største eigar. Selskapet er eit offentleg heileigd selskap med oppgåve å eige aksjar i Sogn og Fjordane Energi AS. Verksemda er eigd av Vestland fylkeskommune (20 %) og dei 18 kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane (80 %). Fylkeskommunen eig A-aksjane med røysterett på 51 %, medan kommunane eig B-aksjane med til saman 49 % av røystene. Sogn og Fjordane Holding eig 49,5% av SFE.