HyFuel, også kjent som hydrogensatsinga på Fjord Base i Florø, byrjar å ta form.
Det var i 2019 Fjord Base Holding og Sogn og Fjordane Energi fann kvarandre i etableringa av HyFuel. Seinare fekk dei med seg Gasnor på eigarsida. Saman har dei planar om å etablere eit produksjonsanlegg for grønt hydrogen på Fjord Base.
HyFuel sin produksjon skal vere basert på fornybar energi og elektrolyse, og hydrogenet skal nyttast som nullutsleppsdrivstoff på land og til havs. Dette kan bli viktig i grøn omstilling av den maritime sektoren, og ei styrking av Florø som maritimt knutepunkt.
I ein fersk artikkel peikar forskningsinstituttet Sintef på den viktige rolla havnene har som knutepunkt for ulike sektorar, og rolla dei spelar i berekraftig omstilling av den maritime trafikken. Her trekk dei fram Fjord Base og HyFuel-prosjektet som eit godt døme på hydrogensatsing, samarbeid og sirkulær økonomi.
Styreleiar i HyFuel og konsernsjef i Fjord Base Holding, Ole Schanke Eikum, set pris på merksemda, og stadfestar at prosjektet blir lagt merke langt utanfor regionen.
– I 2022 fekk vi ENOVA-støtte som det einaste hydrogenknutepunktet langs kysten mellom Trøndelag og Agder. Vi skil oss ut på samarbeidsmodellen og måten vi ønskjer å nytte biprodukt til andre industrielle prosessar, også kalla sirkulærøkonomi, seier Eikum
Oksygen og varme, som er biprodukt frå hydrogenproduksjonen, er mellom anna heilt avgjerande i landbasert oppdrett. – Ikkje berre bidreg vi til å styrke næringsgrunnlaget til andre aktørar ved å tilby det som blir til overs i vår produksjon, vi oppnår også eit berekraftig produksjon, der alle restprodukt vert utnytta lokalt, seier Eikum.
Når satsinga blir realisert betyr det at Fjord Base kan tilby fossilfritt drivstoff til fartøy, og noko som ytterlegare vil styrke Florø og forsyningsbasen sin maritime posisjon.– Det er mange som ønskjer å sette seg på kartet som viktige knutepunkt langs kysten, og HyFuel er godt posisjonert for å lukkast med etablering av grøn hydrogenproduksjon.
Framover jobbar eigarane for fullt med dei siste brikkene i planane og er i aktiv dialog med marknaden. Ei investeringsbeslutning må takast seinast sommaren 2023, og produksjonsanlegget vil då stå klart i 2025.
På biletet f.v: Vegard Lavik (Fjord Base Holding), Pål Aastad (Gasnor), Regine Johansen (SFE), Johannes Rauboti (SFE), Ole Schanke Eikum (Fjord Base Holding) og Eilef Stange (Gasnor).