Godt halvårsresultat for SFE

SFE <picture/>

Sogn og Fjordane Energi (SFE) oppnådde eit resultat etter skatt på 174 millionar kroner i første halvår 2024. – Det er eit betre resultat frå den ordinære drifta enn første halvår i fjor, seier konsernsjef Knut Arild Flatjord.

I dag er kraftproduksjon kjerneverksemda til SFE. I 2023 fusjonerte dei Linja med Mørenett og danna eit av landets største straumnett-selskap. Dette ga SFE-konsernet ein ekstraordinær, rekneskapsmessig gevinst. Ser ein vekk frå denne gevinsten, er resultatet 37 millionar kroner betre enn tilsvarande periode i fjor.

Sterkare finansiell stilling

Selskapet har dei to siste åra redusert lånegjelda og styrka si finansielle stilling, noko som er positivt med tanke på framtidige investeringar, peikar Flatjord på.

– Vi har ei rekkje spennande prosjekt vi ønskjer å realisere, i hovudsak knytt til vasskraft. Dette gjeld både nye kraftverk og auka produksjon og effekt i eksisterande. Ein endå sterkare finansiell posisjon gjer oss betre i stand til å realisere fleire av desse, seier han.

Ny produksjonssentral gir resultat

SFE har det meste av produksjonen i eit prisområde (NO3, nordvestlandet og midt-Noreg) med lågare prisar enn lenger sør og aust i landet. Likevel oppnådde SFE ein snittpris frå kraftproduksjonen som var omlag 10 øre/kWh høgare enn gjennomsnittsprisen i området.

Ei viktig årsak er den døgnbemanna produksjonssentralen, som starta opp i 2023 og som flytta inn i nybygde lokale ved hovudkontoret tidlegare i år. Med denne har SFE profesjonalisert måten dei styrer kraftproduksjonen på, og korleis dei omset krafta på ulike marknadsplassar.

– Her styrer vi kraftproduksjonen på ein måte som gjer at vi produserer mest når vi får best pris for vatnet i magasina våre. I tillegg får vi betalt for å bistå Statnett gjennom å produsere meir eller mindre kraft når kraftsystemet treng det – altså er vi med og balanserer straumnettet. Det er få andre kraftprodusentar i Noreg som har ein døgnbemanna sentral som både styrer produksjonen og omset krafta 24/7. Dette har allereie gitt auka verdiskaping for eigarane våre, seier Flatjord.

Langt framme på digitalisering

Kompetanse og evne til å gjennomføre større digitaliseringsprosjekt har vore viktig, ikkje minst med tanke på etableringa av produksjonssentralen. Nyleg vart det kjent at SFE var det første kraftselskapet i Noreg med ei programvare godkjent for Statnett sin nye marknadsplass for regulering av kraftproduksjon i Noreg. Dette er ei programvare SFE har utvikla på eiga hand.

- Vi har styrka vår satsing på digitale løysingar dei seinare åra, og det er kjekt å sjå at vi på enkelte område kan vere i teten, sjølv om vi ikkje er blant dei aller største selskapa, seier Flatjord.

Halvårsrapport 2024