92 MILL. KRONER I HALVÅRSRESULTAT

30.08.2018
SFE <picture/>

Sogn og Fjordane Energi oppnådde eit konsernresultat etter skatt på 92 millionar kroner i første halvår 2018. Dette er 8 mill. kroner lågare enn same halvår i fjor.

Etter første halvår i fjor kunne SFE offentleggjere tidenes beste halvårsresultat. I 2018 er resultatet etter årets første seks månader 8 millionar kroner lågare, men konsernsjef Johannes Rauboti er likevel godt nøgd med dette.

– Den underliggande drifta har vore god. Riktig nok har produksjonsmengda vore noko lågare enn i fjor grunna lite nedbør, men fleire av magasina våre har fått mykje vatn frå breane. Samstundes har høgare kraftprisar på store delar av produksjonen bidrege til eit godt halvårsresultat, seier Rauboti.

Prisen i årets seks første månader var om lag 10 øre/kWh høgare enn tilsvarande periode i fjor. At SFE sine halvårsresultat likevel er lågare enn i fjor, skuldast i hovudsak bokføring av urealiserte tap på kraftproduksjon som er prissikra på straumbørsen. Det er vanleg at SFE og andre kraftselskap sikrar delar av kraftproduksjonen til ein gitt pris ei tid framover, mellom anna for å avgrense risikoen for reduserte inntekter dersom straumprisen skulle falle mykje. Når straumprisen overstig prisen krafta er sikra til, så må det bokførast som eit urealisert tap sjølv om kontraktene gjeld sal framover i tid.

– Vi tek uansett med oss at halvårsresultatet er det 2. beste i konsernet si historie, og så blir det spennande å følje prisutviklinga vidare. Kraftmarknaden trur på prisar i andre halvår som er om lag på det nivået dei er på no, kanskje litt lågare. I så fall forventar vi eit resultat som er på nivå med 2017, då årsresultatet enda på 193 millionar kroner, seier Rauboti.

Nøkkeltal for SFE-konsernet 1. halvår 2018 og 2017:

(Tal i mill. kr) 1. halvår 2018 1. halvår 2017
Omsetning 751 651
Driftsresultat 218 214
Resultat før skatt 196 189
Resultat etter skatt 92 100
SFE previewImg

FINANSIELLE RAPPORTAR

Les meir