NVE seier ja til opprusting og utviding av Øksenelvane kraftverk.
Med det så vedtek NVE at tiltaket kan byggast innanfor gjeldande konsesjon.
- Å levere på samfunnets auka energibehov i allereie utbygde område er ein vinn-vinn. Dette er ein merkedag, både for oss og dei offentlege eigarane våre, seier konsernsjef i SFE, Knut Arild Flatjord.
Omfattande rehabiliteringsbehov
Etter sine 70 år i drift, har Øksenelvane kraftstasjon omfattande rehabiliteringsbehov dersom kraftverket skal halde fram med å produsere straum. Analyser syner at all betong må fjernast og erstattast med ny i tillegg til at det må gjerast omfattande rehabilitering i vassvegen som går inni fjellet frå magasin til kraftstasjon. SFE sine planar inneber difor å erstatte det eksisterande kraftverket med ny kraftstasjon og vassveg parallelt med eksisterande anlegg, samt utviding i form av auka installert effekt og slukeevne.
- Dette er ei framtidsretta løysing som vil gje både 23 GWh meir straumproduksjon og meir enn tredobla effekt, som betyr at kraftverket er rusta for å levere energien som marknaden treng når det treng det. Ved å byggje på denne måten vil vi og kunne produsere straum under utbygginga, opplyser Flatjord.
SFE planlegg å starte bygginga våren 2025 og tek sikte på at det nye kraftverket kan setjast i drift i løpet av 2027.
Stor auke i kraftproduksjon
SFE legg opp til fleire store investeringar i ny kraftproduksjon i perioden framover og i sin nyleg vedtekne strategi har selskapet ambisjonar om å auke produksjonskapasiteten frå dagens 2,4 TWh til 4 TWh fram mot 2040. Denne ambisjonen ser dei føre seg vil krevje investeringar på rundt 10-12 milliardar.
- Vi ser at rammevilkåra og vår styrka finansielle posisjon gjer oss i stand til å kunne investere i ny produksjon samstundes som vi sikrar gode og føreseielege utbyter til dei offentlege eigarane våre, seier Flatjord.
SFE sin posisjon og finansielle løfteevne har betra seg vesentleg etter dei siste store investeringane i ny produksjonskapasitet. Dette har skjedd gjennom både gode resultat dei siste åra, i tillegg til at fusjonen mellom Linja og Mørenett medførte at nye Linja innfridde si lånegjeld til SFE på ca 1,4 milliardar kroner.
Høgare utbyte
I førre veke vart SFE-utbytet frå det rekordstore resultatet i 2023 utbetalt til eigarane. SFE er eigd av Vestland fylkeskommune, Eviny og kommunane frå tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Denne gongen kunne dei fordele ca 254 millionar kroner mellom seg.
Samstundes som SFE legg opp til store investeringar i ny kraftproduksjon, tek selskapet også sikte på å betale høgare utbyter til dei offentlege eigarane i åra som kjem. Styret i SFE har vedteke ein ny utbytepolitikk som skal sikre gode og føreseielege utbyter også i åra framover.
- Tidlegare har vi hatt retningslinjer som har lagt opp til eit utbyte på minimum 75 millionar kroner til eigarane. Denne har vi no auka til 150 millionar kroner. Det er viktig for oss å sikre at fellesskapet får ei best mogleg avkasting på eigarskapen og investeringane i kraftressursane når det ligg til rette for det, og det gjer det framover, seier Knut Arild Flatjord i SFE.
Styret vil likevel alltid gjere ei vurdering av kva som er forsvarleg utbyte og vil derfor kunne avvike frå modellen når det er spesielt gode grunnar for dette.