Sogn og Fjordane Energi (SFE) blir med når Sunnfjord Energi skal bygge Jølstra kraftverk. Med det ligg alt til rette for at prosjektet no kan realiserast.
Det er Sunnfjord Energi som har konsesjon på utbygging av Jølstra kraftverk. Kraftverket skal nytte ei elvestrekning på 5,6 kilometer i Jølstra – elva som renn mellom Jølstravatnet og Førdefjorden i Sunnfjord. Med ein produksjon på 233 GWh, tilsvarande straumbruken til nær 12 000 husstandar, blir dette ei av dei største vasskraftutbyggingane i Sogn og Fjordane dei siste 30 åra.
Administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens, er glad dei får «naboen» SFE med på laget.
– Det er svært gledeleg at SFE ønskjer å bidra til å realisere Jølstra Kraftverk. Vi var avhengige av å få med andre for å kunne gjennomføre eit så omfattande prosjekt. Med finansieringa på plass vil vi kunne ta fatt på utbygginga snarleg, og slik nå den viktige fristen for dei grøne elsertifikata, seier Behrens.
Jølstra kraftverk er kostnadsrekna til rundt 700 millionar kroner. SFE skal eige halvparten av kraftverket.
SFE deler Sunnfjord Energi sitt syn på at den høge fallrettserstatninga til grunneigarane som vart fastsett i skjønnsretten er feil. Sunnfjord Energi har anka dommen, og selskapa har god tru på anken vinn fram.
Konsernsjef i SFE, Johannes Rauboti, seier dei har hatt ein god dialog med Sunnfjord Energi om prosjektet over lengre tid. Torsdag gjorde styret i SFE vedtak om å bli med på utbygginga.