Betre resultat enn venta

SFE <picture/>

Sogn og Fjordane Energi (SFE) sin årsrekneskap for 2022 syner eit resultat etter skatt på 205 millionar kroner. – Resultatet er betre enn venta, men vi skulle gjerne sett at ein større del av verdiskapinga hamna lokalt, seier konsernssjef Johannes Rauboti.

SFE-konsernet produserte 2 246 GWh i 2022 – ein auke på over 10% i høve året før. Årsaka til produksjonsauken er at dei nye kraftverka Lutelandet (vindkraft) og Jølstra (vasskraft) hadde sine første heile driftsår i 2022.

– Meir kraftproduksjon, og noko høgare prisar også i vårt område på tampen av året, førte til at driftsinntekter og resultat vart høgare enn prognosa synte tidleg på hausten, seier Rauboti.

Gjennomsnittleg kraftpris i prisområde NO3, der SFE har 85% av sin kraftproduksjon, var 42,8 øre/KWh i 2022. I område NO5, sør for Sognefjorden, var den gjennomsnittlege prisen til samanlikning 193,4 øre i 2022.

Resultatet før skatt er i overkant av 1 milliard kroner, og det er med god margin det beste nokosinne. Rekneskapen er førebels, den vert endeleg fastsett i slutten av april.

Med samla kostnad for skattar og høgprisavgifter på 850 mill. kroner, sit selskapet att med eit resultat etter skatt på rett over 200 mill. kroner. På bakgrunn av dette vil styret tilrå eit utbyte på 125 mill. kroner.

SFE er eigd av Vestland fylkeskommune, Eviny og 18 kommunar frå tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Det vart i 2022 innført ein vesentleg auke i skatt på kraftproduksjon. SFE reagerte då sterkt på at endringa overførte verdiskaping frå lokale og regionale eigarar til staten.

– Vi er glade for at året enda på ein måte som likevel kan gi grunnlag for utbyte til eigarane våre. Men vi skulle gjerne sett at dei sat att med endå meir av verdiskapinga frå eigarskapen sin og investeringane dei har gjort i SFE. Utbyte frå selskapet er eit viktig bidrag til å finansiere kommunale tilbod og tenester i regionen vår, og det selskapet sit att med er heilt sentralt for nye investeringar i fornybar kraftproduksjon, seier Rauboti.

Førebels årsrekneskap 2022