VELKOMEN TIL ENERGIDAG I ÅLFOTEN

SFE <picture/>

Vi feirer at Øksenelvane og Åskåra kraftverk er høvesvis 70 og 50 år i år! Vi inviterer med dette til ein dag med både historie, kraft, leik og moro i Åskåra i Ålfoten. I tillegg får du vere med inn i kraftverka våre og sjå. Det vert køyrt omvisningar kontinuerleg, men her er det først til mølla som gjeld viss det blir veldig stor pågang. Dette på grunn av sikkerheit og begrensa antal som kan vere med på kvar tur.

Litt praktisk informasjon:
Alle skal parkere på idrettsbana ved Ålfottunet. Ein kjem seg til og frå Åskåra med shuttlebuss. Bussen byrjar å køyre kl 10.30, og kjem til å gå i skytteltrafikk heile dagen, med unntak av ein liten pause frå kl 13.00-14.00. Programmet startar kl. 11.00 og det vil då vere aktivitetar som skihoppbakke, stolpeklatring, energikamp-løype, omvising, marknadslotteri og biletevisning frå bygginga av kraftverka. 
Energikamp:
Energikampen består av 5 ulike øvingar. Ein melder på lag sjølve (3-5 deltakarar). Det er inga aldersgrense. Alle som deltek får ei «SFE - energikamp» t-skjorte. Det blir trekt eit tilfeldig vinnarlag blant alle som deltek, alle på laget får premie. Energikampen byrjar kl. 11 og blir gåande utover heile dagen.
Overnatting:
Treng du overnatting, har Hjortegarden plassar for bobiloppstilling. Kontakt dei på post@hjortegarden.no eller på tlf 901 82 919. Det blir elles mogleg å ha bobil og campingvogn på idrettsbana, med tilgang til toalett og garderobe.
Treng du anna overnatting? Ta kontakt med Bjarte i Ålfoten Idrettslag (97 52 25 93), så formidlar han kontakt med aktuelle hus/hytter/leilegheiter.
Standup og dans:
På kvelden er det standupshow med Roar Brekke og dans med Glimmer på Ålfottunet. Du kan kjøpe billett i butikken i Ålfoten , eller ved å vippse 200 kr til Ålfoten Idrettslag #564681. NB! Merk transaksjonen med Billett+namnet til billettinnehavaren.