Opna elbilladarar på Kviknes Hotel

SFE <picture/>

Tysdag opna Kviknes Hotell seks elbilladarar på parkeringsplassen sin. Hotellet er eit av mange hotell som gjer seg klare for elbilturistane i sommar.

Med seg på laget har dei Sogn og Fjordane Energi (SFE).

- Reiselivsnæringa er ekstremt viktig for regionen vår, og vi ønskjer med dette å hjelpe hotella med å rigge seg for framtidas kundar, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE.

SFE har ein målsetnad om å bidra til elektrifisering og grøne løysingar i regionen og tilbyr no å etablere ladarar for elbil til hotell i regionen. Ei rekkje hotell har vore positive til initiativet, og Kviknes hotel i Balestrand er første ut. Tysdag opna hotellet sine seks splitter nye ladarar.

-  Vi har over tid sett eit aukande behov for lading av el-bilar blant våre gjestar. Det toppa seg i fjor då alle nordmenn kom med eigen bil og det var stor etterspurnad etter lading. Vi er no glad for å kunne tilby seks nye ladepunkt til våre gjester, seier hotellsjef ved Kviknes Hotel, Sigurd Kvikne.

Vestlandet i tet på elbil
Berit Hornnes, som er leiar i Sogn og Fjordane Elbilforening, er godt fornøgd med at SFE legg til rette for hotella på denne måten, og viser til ein hyggeleg trend i fylket vårt.

- Vestlandet er i dag på topp i sal av elbil, der 63% kjøper elbil. No tek elbilsalet for alvor av i distrikta også, og vi trur 2021 vil bli det første året der fleirtalet av nybilkjøparane i Sogn og Fjordane vel elektrisk.

Så langt i 2021 er elbilandelen i sal av ny bil i Sogn og fjordane på 40%, noko som er meir enn det dobbelte samanlikna med 2018.

Stort potensiale
Sogn og Fjordane er frå før ein storprodusent av fornybar energi og med elektrifisering og nye grøne løysingar ligg det godt til rette for at meir av krafta som vert produsert her kan nyttast lokalt.

- SFE har lenge bidrege til grøn omstilling som produsent av fornybar energi. Nå ønskjer vi å ta steget vidare ved å bli ein mer synleg og aktiv aktør i vårt område på lav- og nullutslippsløysningar. Ein sentral del i denne satsninga har vore etablering av ein ny avdeling i selskapet som skal jobbe aktivt og målretta med elektrifiseringsprosjekt i regionen vår, seier Rauboti.

I følgje Energi Norge er elektrifisering eit av dei viktigaste klimatiltaka i Noreg. Nesten ein tredjedel av det totale norske klimautsleppet kjem frå transport, der over halvparten kjem frå vegtrafikk. Utbygging av ladeinfrastruktur vil vere sentralt i arbeidet for å auke delen null- og lavutslippsbilar.