Kven vinn DRIV-prisen 2020?

SFE <picture/>

Jobbar du i ei bedrift i Vestland som tek det grøne skiftet på alvor? Eller kjenner du til ei? No kan du nominere bedrifta til Drivprisen 2020. Søknadsfrist 30. oktober.

Drivprisen skal delast ut for andre gong, og vi er på jakt etter gode kandidatar. Drivprisen er ein grøn innovasjonspris i Vestland fylke der målet er å løfte fram gode idear med eit ekstra stort potensial til å setje fart på det grøne skiftet.

Prisen vart delt ut for første gong i fjor på konferansen Kraft i Vest på Sandane. Då var det Corvus Energy frå Bergen som vann. I år er dessverre Kraft i Vest avlyst på grunn av koronapandemien, men Drivprisen vert delt ut uansett.

Når og korleis er ikkje heilt bestemt, men det vert digitalt i starten av desember. Vinnaren får 200 000 kroner, andreplassen får 50 000 kroner og tredjeplassen 30 000 kroner.

Desse søker vi: 

  • Bidraget kan både vere eit gründerprosjekt, ein ny patent, eller ein forretningsidé frå etablerte verksemder eller organisasjonar.
  • Bidraget må vere originalt og ha potensial til å vere med å setje fart på det grøne skiftet.
  • Bidraget må ha forretningsadresse i Vestland fylke, og vinnarbidraget må også ha eit stort potensial for verdiskaping og arbeidsplassar her.

Slik nominerer du:

Nominasjonen din sender du til post@drivprisen.no innan 30. oktober.

Du må minimum ha med følgande informasjon:

  • Bedriftsnamn
  • Kvifor meiner du at denne bedrifta fortener Drivprisen?

Eit samarbeid

Drivprisen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge og Vestland Fylkeskommune, og i juryen sit:

Johannes Rauboti (konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi), Trond Teigene (administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane), Berit Rokne (rektor på Høgskulen på Vestlandet), Bård Sandal (fylkesdirektør innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke) og Nina Broch Mathisen (direktør for Innovasjon Norge Vestland).

Les meir om prisen på DRIV-prisen si heimeside.