Vindkraft kan bidra no

16.11.2019
Konsernsjef Johannes Rauboti

Laurdag var eg invitert til å snakke til fleire som hadde møtt opp på Sandane for å demonstrere mot SFE sine engasjement innan vindkraft. Eg har forståing og respekt for engasjementet.

Vi og andre kraftselskap brukar våre felles naturressursar for å produsere fornybar energi, og då må vi tole debatten. Nokre opplever at landskapet i nærområdet endrar seg frå slik dei har kjent det frå barnsbein av. Eg har ingen problem med å forstå at det kan vere vanskeleg.

Men i meir enn 100 år har kraftproduksjonen bidrege til betydeleg vekst og utvikling i lokalsamfunna våre. Den spelar framleis ei viktig rolle for lokale arbeidsplassar, næringsutvikling, samarbeid med lag og organisasjonar og verdiskaping for eigarkommunane.

Etter kvart har den fornybare energien i tillegg blitt viktigare og viktigare i møte med ei av dei største utfordringane vi står overfor – kampen mot klimaendringane.

Om ein er gardbrukar i Bremanger, industriarbeidar på Lutelandet, fiskar frå Stad, eller
konsernsjef i SFE – vi har ulike roller, men eg trur vi til sjuande og sist – innerst inne – ønskjer det same: At våre barn, barnebarn og komande generasjonar skal få ei best mogleg framtid. Vi kan nok være ueinige om korleis vi best gir dei denne framtida. Sjølv er eg overtydd om at klimaendringane må handterast, at fornybar energi spelar ei avgjerande rolle, og at det hastar.

Vi treng vindkrafta


Eg høyrer av og til i debatten at vi ikkje treng meir fornybar energi. Men då gløymer ein gjerne at sjølv om vi produserer nok fornybar energi til å dekke elektrisitetsforbruket vårt i dag, så er det framleis mykje energibruk som er basert på fossilt brensel; innan transport, industri og olje- og gassproduksjon. Ein del av behovet kan vi kutte gjennom å redusere energibruken, og her har vi alle eit ansvar for å bidra. Men skal vi gi dei komande generasjonane den framtida vi ønskjer for dei, så kjem vi ikkje vekk frå at vi må produsere meir fornybar energi, slik at vi kan fase ut fossil brensel, og vi har svært dårleg tid.

Opprusting av vasskraft har eit potensial, noko vi arbeider kontinuerleg med. Kan vi få fleire kilowattimar ut av vatnet som renn gjennom stasjonane våre, er vi sjølvsagt interessert i det. Men potensialet som ligg i denne opprustinga er dessverre langt mindre enn mange av dei tala som verserer i debatten. I SFE gjennomfører vi dessutan store investeringar i ny vasskraft, men også på dette området er det etter kvart eit svært avgrensa potensial som står att.

Havvind er ein enorm ressurs som kan komme til å spele ein svært viktig rolle i framtida, sjølv om det også her vil vere mange ulike hensyn som må takast vare på. Vi har tru på havvind, men det vil dessverre endå ta tid. Vindkraft på land kan bidra i klimakampen allereie no.

Ulike perspektiv


Det må det vere lov å vere både for og mot vindkraft på land, utan at det betyr at ein er meir eller mindre glade i naturen og dyrelivet, eller meir eller mindre glade i lokalsamfunnet sitt. Alle må erkjenne at det er både fordelar og ulemper.

Det er ingen tvil om at endring i landareal kan vere ein stor trussel mot natur- og biomangfaldet, som FNs klimapanel slo fast i ein rapport no nyleg. Det same panelet har også peika på kor viktig det er at ein reduserer klimagassutsleppa for å unngå alvorlige konsekvensar for
økosystem, menneske og samfunn over heile verda. Som samfunn må vi derfor finne balansen.

Vi må stå opp mot den massive utraderinga av viktige og sårbare skogområder som vi mellom anna ser i regnskogen i Brasil, og truleg må vi oftare unngå arealinngrep som ikkje styrkar samfunnskritisk infrastruktur eller viktige samfunnsfunksjonar. Men eg trur ikkje slaget i første rekke bør stå om areal som blir brukt til å produsere fornybar energi – spesielt ikkje når vi veit, med støtte frå det internasjonale ressurspanelet, at vindkraft er den mest arealeffektive måten å produsere fornybare energi på.

La oss ha ein respektfull debatt


Eg respekterer at de er ueinige med meg, og at ein demonstrerer mot oss. Og så håpar eg at vi kan vere usamde og samstundes ha ein respektfull debatt og dialog framover. Det er ikkje noko kjekt for meg som sjef for SFE å sjå at folk i min organisasjon på ei aksjonsside på Facebook blir kalla “ei skam for menneskeheita”, fordi dei gjer jobben sin, og i offentlegheita frontar prosjekt som både gir mykje ny fornybar energi og verdiskaping og arbeidsplassar lokalt. Prosjekt som tross alt har fått sine konsesjonar frå nasjonale styresmakter på bakgrunn av fleire år med utgreiingar frå uavhengige fagmiljø, kvalitetssikra av andre fagmiljø, involvering av lokalsamfunn og som på vegen har hatt støtte frå vertskommunane. Det er også nedslåande å sjå når enkelte på den same Facebooksida tek til orde for at lokale leverandørar, grunneigarar og familiane deira bør frysast ut frå samfunnsaktivitetar dersom dei bidreg til at vindkraft blir realisert i området. Vi veit at mange er positive til vindkraft, men det syner ikkje særleg att i debatten. Eg kan forstå at mange kvier seg når ein risikerer å møte slike reaksjonar.

Lokal verdiskaping


Éin ting eg trur dei fleste av oss kan vere samde om, er at når naturressursane er lokale, så må verdiskapinga også vere det i så stor grad som mulig. SFE har ved fleire høve teke til orde for at ein bør justere skatte- og avgiftsregimet knytt til vindkraftprosjekt, slik at ein større del av desse inntektene også tilfell vertskommunen og lokalmiljøet. Det vil vi halde fram med å meine. Kraftnæringa har vore viktig for verdiskapinga i regionen vår, og bidrege til levande lokalsamfunn frå dei yste holmar til dei inste dalstrøka i fylket vårt. Dette skal vi gjere vårt bestefor å bidra til også i framtida.

Johannes Rauboti, konsernsjef i SFE