Få månader etter at Falck Renewables kjøpte seg inn i Hennøy vindkraftverk i Bremanger, har eigarane no vedteke å bygge ut vindparken. Vindmøllene skal vere i drift i løpet av 2019.
– Vi har stor tru på Hennøy-prosjektet, og det er alltid ei glede å kunne informere om at vi er i ferd med å realisere eit prosjekt som skapar betydelege verdiar for både eigarar og lokalsamfunn, seier Scott Gilbert, som er administrerande direktør for Falck Renewables Vind AS.
Straum til 8700 husstandar
Falck Renewables Vind er eigd av Svelgen Kraft (20%) og det italienske industriselskapet Falck Renewables (80%). Falck Renewables har bygd fleire vindparkar i Europa, og i september kjøpte dei seg inn i vindkraftprosjekta Hennøy i Bremanger og Okla i Selje. Bak Svelgen Kraft står kraftselskapa Sogn og Fjordane Energi, Tafjord og Sognekraft. At Svelgen Kraft framleis er med som lokal eigar og samarbeidspartnar meiner Gilbert er bra for prosjektet.
– Å ha med Svelgen Kraft som lokal partnar gjer oss ekstra trygge på at vi kjem til å gjennomføre prosjektet på ein svært god måte. Dei bidreg med uvurderleg innsikt i lokale forhold og gir oss eit godt kontaktpunkt mot lokalsamfunna, seier han.
Ola Lingaas er produksjonsdirektør i Sogn og Fjordane Energi, og styreleiar i Svelgen Kraft, og er glad dei har fått Falck Renewables med seg på å realisere Hennøy-prosjektet.
– Hennøy er eit svært godt vindkraftprosjekt. Samstundes er det kapitalkrevjande å bygge ut. Med ei rekke andre prosjekt var det viktig for eigarselskapa bak Svelgen Kraft å få med oss ein profesjonell og industriell aktør som kunne bidra til å realisere prosjektet, seier Lingaas.
Hennøy vindkraftverk vil ligge på Marafjellet, rundt 8 kilometer vest for Svelgen. Med sine 12 vindturbinar vil det produsere straum tilsvarande forbruket i omlag 8700 husstandar. Denne produksjonskapasiteten gjer det til den største vindparken som så langt er vedteke utbygd mellom Fitjar i Sunnhordaland og Smøla på Nordmøre.
Lokal verdiskaping
Falck Renewables og dei lokale eigarane skal investere rundt 500 millionar kroner i vindparken. Det har vore viktig for eigarane at ei slik investering også kjem lokalsamfunnet til gode, seier Gilbert.
– Deler av investeringa vil kome lokale underleverandørar til gode, og i tillegg vil prosjektet skape verdiar for kommunen, grunneigarar og lokalsamfunnet i mange år framover. Det er ingenting vi heller vil enn at prosjekta våre blir ein vinn-vinn for både oss og dei som bur i området, seier han.
Hovudleveransane er vindturbinar frå danske Vestas, Risa som anleggsentreprenør, finske VEO som leverandør av transformator, i tillegg til SFE Nett og Hallingsmast som bygger eit 8 km langt tilknytingsnett.
Arbeidet med linjebygginga er allereie godt i gang, og nyleg starta arbeidet med bygging av tilkomstveg opp Nesbødalen. Seinare i år vert det bygging av interne vegar og fundament på fjellet. Vindturbinane skal monterast i løpet av sommaren 2019 og vindparken vil vere i full drift i løpet av hausten 2019.
Om Falck Renewables Vind AS: Eigd av Falck Renewables (80%) og Svelgen Kraft Holding (20%). Etablert i 2017 i høve Falck Renewables sitt kjøp av majoritetseigarskapen i vindkraftprosjekta Hennøy i Bremanger og Okla i Selje.
Om Falck Renewables SpA: Utviklar, eig og driftar kraftproduksjon i land som Italia, Frankrike, Spania og Storbritannia, og er eit av dei store, reine fornybarselskapa i Europa. Selskapet er børsnotert i Milano, Italia, og er ein del av det italienske industrikonsernet Falck Group.
Om Svelgen Kraft Holding AS: Eit selskap eigd av SFE Produksjon (56%), Tafjord Kraftproduksjon (34%) og Sognekraft (10%). Eig vasskraftverk i Svelgen og vindkraftprosjekt i kommunane Bremanger, Selje og Haram. Vart etablert i 2009 i høve kjøp av vasskraftverk frå tidlegare Elkem Energi Bremanger.