AUKA TAPPING FRÅ BREIMSVATNET

11.06.2020
SFE <picture/>

SFE Produksjon er driftsoperatør for kraftverka i Gloppenelva, og har på vegner av regulant Gloppen Energi AS, søkt om løyve til auka tapping frå Breimsvatnet. NVE har den 10. juni 2020 gjeve eit mellombels løyve til å fråvike manøvreringsreglementet grunna flaumfare. Løyvet har heimel i vassressurslova § 40. NVE stadfestar at det er mykje snø i området og aukande temperatur framover vil føre til aukande vassføring i dagane som kjem.

Heile løyvet finn du her.

Løyvet gjeld fram til 15. juli 2020.