Dei to største eigarane i SFE, Sogn og Fjordane Holding og Eviny, inngjekk i juni ein intensjonsavtale om å greie ut tre alternativ for framtidig eigarstruktur i SFE: Slå saman Eviny og SFE, halde fram eigarskapen som i dag, eller at Eviny ikkje lenger er aksjonær i SFE. Arbeidet har pågått utover hausten, der ein har jobba med å få fram beslutningsgrunnlag.
Saka har i løpet av november 2024 vore oppe i SF Holding sitt styre og SFE sitt styre før den vart handsama både i Fylkestinget og gjennom desember hos alle kommunar som har eigarskap i SF Holding. Alle plassar vart det stemt nei til fusjon. I SF Holding si ekstraordinære generalforsamling 16. desember sa eigarane i SF Holding einstemmig nei til vidare fusjonsutgreiing mellom SFE og Eviny AS. Siste formelle del av prosessen var SFE si generalforsamling 19. desember. Også her vart det einstemmig nei. Dermed blir det ingen fusjon mellom SFE og Eviny.