Store prisforskjellar ga svakt SFE-resultat

SFE <picture/>

SFE fekk eit underskot etter skatt på 65 mill. kroner i 2021. Dette står i kontrast til året før då konsernet gjekk med 200 mill. kroner i overskot.

- Årsaka til det svake resultatet er dei rekordstore prisforskjellane mellom sør og nord i Noreg og effekten dette har hatt på vår prissikring, seier direktør for økonomi og finans, Martin Holvik.


Vanleg å prissikre

Prissikring av kraftproduksjon er ein vanleg metode blant kraftprodusentar. I ein velfungerande marknad er dette med på å dempe risiko og skape forutsigbarheit.

- SFE sikrar kraftproduksjonen sin til systempris, ein teoretisk pris lik det straumprisen ville vore med heile børsområdet som eitt prisområde. Historisk har det vore svært god samvariasjon mellom prisen i vårt område og systemprisen, og prissikringa har fungert etter hensikt. Då prisane i Sør-Noreg plutseleg skaut i vêret i fjor, fekk vi eit stort sprik mellom prisen i vårt område og systemprisen. Vi slutta å prissikre mot systempris i mai, men likevel pregar dette årsresultatet vårt vesentleg.

Historiske prisforskjellar
Skilnaden mellom systempris og prisen i SFE sitt prisområde gjorde at resultatet vart svekka med 302 mill. kroner. Av dette skuldast 157 mill. kroner kostnadsføring av finansielle kontraktar som gjeld 2022 og seinare. 

- Så store forskjellar mellom prisområda har det aldri vore tidlegare. Dersom systemprisen hadde vore lik prisen i vårt område, ville SFE hatt eit positivt resultat etter skatt på ca. 235 mill. kroner, seier Holvik.

Årsakene til dei ekstreme prisforskjellane, er mellom anna låg magasinfylling i Sør-Noreg og dårleg overføringskapasitet mellom prisområda.


Store investeringar
SFE investerte 1 milliard kroner i 2021. Gjennom året har selskapet ferdigstilt bygginga av Jølstra kraftverk saman med Eviny og sett i drift sitt første heileigde vindkraftverk, Lutelandet Energipark. I tillegg har selskapet rusta opp og modernisert kraftverket Svelgen 3.

- Vi auka i fjor kapasiteten vår med 350 GWh, om vi også tek med Østerbø kraftverk som kom i drift på tampen av 2020. Vi har dei siste åra investert vesentleg i ny fornybar energi og straumnett, begge delar ein viktig føresetnad når Noreg skal kutte fossile utslepp, samstundes som både forsyningstryggleik og reguleringsevne i kraftsystemet vert ivareteke.

Eit grønt år
Trass eit svakt resultat, har 2021 vore innhaldsrikt på andre område.

- Verda står overfor store klimautfordringar, og i tillegg til rolla vår som produsent og distributør av fornybar energi, har SFE teke nye grøne steg i lag med samarbeidspartnarar. Vi har etablert verdas første hurtigladar for elbåt saman med Eviny, vi har fått på plass landstraumanlegg for skip i lag med Florø Hamn og vi har kome godt i gang med planlegginga av eit produksjonsanlegg for hydrogen saman med Fjordbase og Gasnor. I tillegg har vi etablert ei rekke destinasjonsladarar for elbil i heile regionen.

Utset avgjersle om utbytte
Om det blir utbytte til eigarane er enno ikkje bestemt.

- SFE-styret ønskjer å utsetje avgjersla om eventuelt utbytte til hausten, og vil be generalforsamlinga om fullmakt til eit utbytte på inntil 75 mill. kr, seier Holvik.

SFE betalte 75 mill. kr i utbytte til eigarane sine i fjor.