Bra resultat trass låge kraftprisar

SFE <picture/>

Sjølv om fjorårets kraftprisar var dei lågaste på 20 år, fekk Sogn og Fjordane Energi (SFE) eit årsresultat på 200 millionar kroner i 2020. Gevinstar frå prissikring av kraftproduksjonen var medverkande til resultatet.

SFE oppnådde i fjor det dobbelte av marknadspris i sitt prisområde (NO3), med 20 øre/kWh mot ein marknadspris på 10 øre/kWh. Prissikringa er gjort i den finansielle marknaden og påverkar såleis ikkje kraftprisen til kundane.

SFE sin kraftproduksjon var i fjor svært høg som følgje av mykje nedbør og snørike fjell. Totalt produserte SFE 2 100 GWh i fjor. Dette tilsvarer straumbruken på ei fergestrekning lik Anda – Lote i meir enn 500 år.

-       Dette er ein bransje med store prissvingingar, og det er avgjerande å handtere risiko på ein god måte. Ved hjelp av langsiktige strategiar og eit kompetent krafthandelsmiljø som jobbar tett på marknaden, prissikrar vi delar av framtidig kraftproduksjon, seier konsernsjef i SFE Johannes Rauboti.

75 millionar i utbyte
Styret har foreslått eit utbyte på 75 millionar kroner til eigarane som er Sogn og Fjordane Holding,  BKK, Kinn kommune, Gloppen kommune, Bremanger kommune, Stad kommune, Askvoll kommune og Sunnfjord kommune.

Vestland fylke og alle kommunane i  tidlegare Sogn og Fjordane fylke er indirekte eigarar i SFE gjennom sitt eigarskap i Sogn og Fjordane Holding.

-        Vi er glade for at vi også i eit år med låge kraftprisar kan føre tilbake verdiar til våre offentlege eigarar og til regionen vår, seier Rauboti.

Nytt straumsalselskap
Året 2020 gjorde SFE-konsernet fleire interne endringar. Nettselskapet SFE Nett byta i haust namn til Linja, etter nye nasjonale krav frå styresmaktene. I tillegg gjekk SFE saman med Tussa, Tafjord og Sognekraft om å danne eit nytt straumselskap og SFE selde dotterselskapet SFE Kraft til det nye selskapet. I rekneskapen for 2020 er det inntektsført ein salsgevinst på 64 millionar kroner frå dette salet.  SFE eig no 32,5% av det nye straumselskapet.

Skriv ned verdiar
I årsrekneskapen er det gjort rekneskapmessige nedskrivingar på 81 millionar kroner på SFE sine vindkraftprosjekt. Noko er som følgje av låg kraftpris, men mesteparten av nedskrivingane gjeld Bremangerlandet vindkraftverk. Prosjektet er blitt sterkt forsinka på grunn av lange prosessar for å få godkjent planane.

-        At prosjektet har trekt ut i tid gjer at det kan bli utfordrande å realisere det innanfor konsesjonsfristen. Rekneskapsreglar gjer det difor rett å nedskrive prosjektverdien. I tillegg vil vi ikkje nå frist for grøne avskrivingar og elsertifikat, noko som reduserer verdien av prosjektet, seier Rauboti.

SFE held fram arbeidet for å få dei naudsynte planavklaringane i tilknyting til konsesjonen.