SFE + Plan = Reint vatn i tre nye år

10.01.2019
SFE <picture/>

SFE og Plan International Norge forlenger samarbeidet for at fleire menneske skal få tilgang på reint vatn.

– Reint vatn er grunnleggande for å skape utvikling for born. Med bakgrunn i vår visjon Kraft til å påverke framtida, er det naturleg for oss å bidra til å skape utvikling og vekst gjennom å skape ei betre framtid for born. Gjennom samarbeidet sidan 2013 har vi oppnådd mange gode resultat, og vi er glade for å byggje vidare på dette, seier konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi, Johannes Rauboti.

Om lag halve jordas befolkning lever i område som opplever eller står i fare for å oppleve vassmangel kvart år. San-folket i Zimbabwe er ei urbefolkningsgruppe der levestandarden er låg. Plan International arbeider for at dei skal få tilgang til fødselsregistrering, utdanning, helsestasjonar, reint vatn og gode sanitære forhold

Med støtte frå SFE vil stadig fleire i San-folket få tilgang til reint vatn. Det skal byggast ni nye brønnar, og både vaksne og born skal få verdifull opplæring i korleis dei kan halde seg friske og skape gode og trygge rammer. Samtidig vil SFE støtte Plan gjennom ei rekke andre aktivitetar, som julegåve frå dei tilsette til verdi av 50 000 kr. Avtala er for tre nye år og startar januar 2019.

Johannes Rauboti har sjølv vore på prosjektbesøk i Zimbabwe og sett kva støtta betyr for lokalbefolkninga. Han er overtydd om at det er riktig av SFE å bidra til reint vatn i ein ny periode.

– Vi synest det er viktig at næringslivet tek ansvar. I tillegg til at samarbeidet med Plan International skapar stoltheit og engasjement internt blant dei tilsette, seier Rauboti.

Plan arbeider tett med næringslivet for å skape utvikling. SFE har vore ein viktig samarbeidspartner for Plan sidan 2013. Dei bidreg med støtte også utanom avtala, som i strømproduktet «God Straum».

– Denne avtaleforlenginga sørger for at endå fleire menneske i Zimbabwe får tilgang til reint vatn. Vi har alle eit felles ansvar for å bidra til bærekraftsmåla innan 2030. Samarbeid med næringslivet er avgjerande i dette arbeidet, vi er utruleg stolte av at SFE har valt å forlenge samarbeidet med oss, seier Kari Helene Partapuoli, generalsekretær i Plan International Norge.

Kort historie:

  • 2013: Første avtala mellom SFE og Plan. Bygge og rehabilitere 20 brønnar over 3 år i Sierra Leone – gav reint vatn og gode sanitære forhold til 15 000 menneske
  • 2016: Ny avtale i Zimbabwe, bygge 8 brønnar for San-folk. Sikra reint vatn og gode sanitære forhold til ca. 12 000 menneske
  • 2019: 3 års utviding av utviklingsprosjekt for å sikre reint vann for San-Folket i Zimbabwe. SFE skal bygge 9 brønnar, inkludert opplæring i helse/hygiene.