193 MILLIONAR I ÅRSRESULTAT 2017

23.03.2018
SFE <picture/>

Sogn og Fjordane Energi (SFE) sin årsrekneskap for 2017 syner eit resultat etter skatt på 193 millionar kroner. Dette er fire millionar kroner betre enn året før.

Ein kraftpris som var 2,5 øre høgare i snitt enn året før, kombinert med eit tilfredsstillande produksjonsvolum, forklarer noko av resultatauken. Det gjer også verdiendring i kraftkontrakter og ein gevinst på 32 mill. kroner frå sal av deler av vindkraftporteføljen i Vestavind Kraft. Men konsernsjef Johannes Rauboti meiner også noko av æra for eit godt resultat i 2017 bør tilskrivast eit bevisst fokus på kostnader og effektiv drift.

– Kor mykje kraft vi produserer, og kva pris vi oppnår på denne i marknaden, er viktige drivarar for resultatet. Men vi leverer ikkje så gode resultat utan at det blir jobba godt i heile organisasjonen. Mellom anna har vi redusert driftskostnadane våre med 33 millionar kroner på fire år gjennom eit internt kostnadsprogram. Vi vil halde fram med å snu steinar for å drive mest mogleg effektivt, seier Rauboti.

Omsetnaden i SFE konsernet enda i 2017 på nær 1,3 milliardar kroner – ein auke på 59 millionar kroner frå året før.

Utbytte på 63 millionar

Styret i SFE, som handsama årsrekneskapen torsdag 22. mars, tilrår eit utbytte til eigarane på nær 63 millionar kroner. Som største eigar vil utbyttet til Sogn og Fjordane Fylkeskommune, gjennom sitt dotterselskap Sogn og Fjordane Holding, vere på 31 millionar kroner. Dei andre eigarane som får sin del av utbyttet, er BKK og kommunane Flora, Gloppen, Bremanger, Askvoll, Selje, Eid og Naustdal.

– Det er viktig for oss å bidra til god verdiskaping for dei offentlege eigarane våre, samstundes som vi sit att med verdiar som gir rom for vidare utvikling av konsernet, seier Rauboti.

Rosar eigarane

SFE ventar høge investeringar for 2018 og dei næraste åra. I fjor bidrog eigarane med 211 millionar kroner i ny eigenkapital, for å legge til rette for dei store investeringane innan både nettutvikling og ny kraftproduksjon. Dette er ein stor inspirasjon for oss som arbeider i SFE, seier Rauboti.

– Det finst tider for å så og tider for å hauste, og eg er glad for at eigarane våre deler dette synet. Ein forsvarleg utbyttepolitikk kombinert med kapitalinnskot frå eigarane gir oss høve til å investere for vidare vekst og utvikling, seier han.

Nøkkeltal frå rekneskapen 2017

SFE previewImg

FINANSIELLE RAPPORTAR

Les meir