SOGN OG FJORDANE ENERGI - PERSONVERNERKLÆRING

Sogn og Fjordane Energi er eit energikonsern som består av fleire selskap. Dei ulike selskapa har ansvar for behandling av personopplysningar. SFE Kraft som er eit salsselskap, har eiga personvernerklæring for verksemda si. Sogn og Fjordane Energi har eit personvernombod med overordna ansvar for oppfølginga av personvernreglementet.

Personopplysningar og samtykke

Sogn og Fjordane Energi behandlar personopplysningar i samband med våre tilsette og i rekrutteringsprosessar. Vi behandlar også personopplysningar knytt til nettleigekundar, med nødvendig informasjon for å opprette ei nettleigeavtale og kunne kontakte kunde ved behov. Gjennom utbyggingsprosjekt, har vi også personopplysningar på grunneigarar.

Sogn og Fjordane Energi har inngått databehandleravtale med alle eksterne selskap som behandler personopplysningar på våre vegne.

Web

Sogn og Fjordane Energi brukar Google Analytics til å samle inn statistikk om besøkande og deira brukarmønster på nettsidene våre. Google Analytics Demographics gir oss også anonymisert demografidata på besøkande. Vi brukar desse analyseverktøya for å forbetre og tilpasse nettsidene. Google har eigne retningslinjer for personvern, og informasjon dei mottek, er underlagte Google sine retningslinjer.

Cookies er informasjonskapslar som legg seg på pc/nettbrett/tlf din når du besøker ei nettside. Vi brukar cookies for å generere statistikk og analysere brukarmønsteret på nettsidene. Informasjonen frå cookies er anonymisert. Desse informasjonskapslene inneheld kun informasjon om korleis du har brukt nettsida vår, og ikkje opplysningar som kan sporast tilbake eller identifisere deg som kunde.

Viss du ikkje ønskjer at vi skal lagre cookies på på pc/nettbrett/tlf din, kan du sjølv endre innstillingane for dette i nettleseren din. Ver oppmerksom på at mange nettsider ikkje vil fungere optimalt om du gjer dette.

Sogn og Fjordane Energi brukar verktøy som Apsis og Facebook i marknadsføringa av til dømes konferansar og rekrutteringsmesser. Desse verktøya brukar også cookies og sporar bevegelsane dine på nettsidene våre om du kjem dit frå ei annonse eller ei anna utsending frå våre marknadsverktøy.

Kundeinformasjon ligg også på brukarkontoen din på «Mi side» på www.sfenett.no, om du registrerer deg der. På «Mi side», kan du endre kontaktinformasjon, bestille varsling ved straumbrot og sjå oversikt over kundeforholdet ditt.

Innsyn

Jmf personopplysningslova §18, har du krav på å sjå kva opplysningar vi har registrert om deg. For å få dette, må du sende ei skriftleg henvending til kundesenteret vårt. Viss opplysningane om deg ikkje stemmer, eller er ufullstendige, kan du krevje at desse vert retta opp, jmf personopplysningslova §27.

Jmf personopplysningslova §28, skal opplysningar som ikkje lenger er nødvendige ut frå det formål dei er lagra for, slettast. Sogn og Fjordane Energi lagrar personopplysningar i henhold til gjeldande lovgivning. Om du avslutter kundeforholdet ditt på nettleige, kan du krevje å bli sletta frå kundesystemet vårt. Send oss då ei skriftleg henvending til: Sogn og Fjordane Energi, Bukta, 6823 Sandane.